Esnoga.no:Esnogas
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Ein esnoga (spansk og portugisisk namn blant portugisarjødar) eller ein synagoge (nyn./bm./da.; nyn./sv. synagoga) er eit jødisk gudshus, bedehus eller forsamlingshus. Det finst mange andre namn på synagogen òg — bet kenéset (hebraisk for ‘forsamlingshus’), bet hammedrásj (hebraisk for ‘studiehus’), tempel (opprinneleg reformjødisk) og shul (jiddisch for ‘skule’) er nokre få av dei. Ein esnoga kan vera ei eiga bygning eller eit rom i ei bygning. Esnogaen inneheld normalt minimum: ein Hekhál (ark, toráskåp, aron kódesj (A)) med minst éin sefer (torárull); eit evig lys (ner tamíd); og eit bord (sjulḥán, òg kalla tebá) som Toráen blir lagt på når vi les frå honom — og sjølvsagt sitteplassar for minst ein minján. I tillegg har bortimot alle esnogas ein dukhán — ei plattform som Hekhál står på; og ein tebá (S) (òg kalla almemmár eller bima blant asjkenazím) — ei plattform som lesebordet (sjulḥánen) står på. | |
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə'vē šā'lōm], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk esnoga i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia. Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag ihopslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) vaks frå slutten av 1930-åra, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny esnoga, og den synagogen stod ferdig i 1951. Les meir …
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven. Les meir …
Cahal Chico ('den litle esnogaen'), òg kjent som Templul mic spaniol „Ca’al Cicu”, var ein sefardisk esnoga som låg i stradă Banu Mărăcine nr. 37 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1846 og øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier i 1941. Etter andre verdskrigen vart esnogaen bygd opp att, men vart riven i 1986 av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii. Les meir …
Cahal Grande (קהל גראנדי), òg kjent som Marele templu sefard Cahal Grande og Templul Mare Spaniol, låg i stradă Negru Vodă nr. 12 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1818 og vart rekna som ei av dei vakraste jødiske bygningane i București. Bygninga vart ombygd i 1889 etter planene til Grigore Cerchez, og i 1891 vart eit pipeorgel teke i bruk. I 1941 vart esnogaen øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier, men etter andre verdskrigen vart han oppattbygd. I 1985 vart begge sefardiske esnogas i București, Cahal Grande og Cahal Chico, rivne av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii. Les meir …
Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september same året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart brukt av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamburg by og riven. Les meir …
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Les meir …
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinneleg bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925. Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn i lag. Les meir …
Den noverande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (1808–1855) vart teikna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn. Les meir … El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda. Les meir …
|
|