Esnoga.no:Asjkenazím

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Der Samstug (Saturday).jpg

Asjkenazím eller asjkenaziske jødar, òg kalla (høg)tyske jødar, er ei jødisk folkegruppe med kulturell bakgrunn i det jiddischspråklege samfunnet Asjkenáz, eller det sørlege Tyskland og nordaustlege Frankrike i mellomalderen. Nøyaktig kor lenge det har vore jødar nordom Alpane er uvisst, men ein kan rekne det som relativt sikkert at det fanst jødiske handelsmenn i det romersk-okkuperte Nord-Europa alt for knapt 2 000 år sidan. Frå mellomalderen av vart namnet Asjkenáz bruka om Tyskland og det hovudsakleg tysk/jiddisch- og tildels fransk-språklige jødiske samfunnet. Namnet, som er henta frå ein av dei mytiske nasjonane i 1. mosebok, er truleg påverka av det arabiske namnet for Skandinavia, «Al-Skandz» eller «As-Skandz». Hovudspråket i tradisjonell asjkenazisk kultur er jiddisch — eit germansk språk som har felles opphav med tysk (særlig rhin-dialektar og bayersk).


Asjkenazím

Mordecai Kaplan.jpg
Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen. Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var alt da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom de ulike retningane av jødedommen. Såleis begynte Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York.   Les meir …
Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innanfor masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30.   Les meir …
RabbiJackieTabick.jpg
Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975.   Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …
RayLitman.jpg
Rachel Frank (1861(?)–1948), mest kjent som Ray Frank, var ein jødisk journalist, lærar og religiøs leiar i USA. Ho var ikkje ordinert som rabbinar, men vart ofte invitert til å preke ved jødiske gudstenester på vestkysten av USA. Rachel Frank vart fødd den 10. april 1861 av foreldra Leah og Bernard Frank, som hadde immigrert til USA frå Polen. Som ung underviste ho i Tenákh og jødisk historie ved sjabbátskulen ved First Hebrew Congregation i Oakland i California, der ho fikk god trening som offentleg talar og opparbeidde seg eit godt ry innanfor det jødiske samfunnet i California. Elevane hennar inkluderte Gertrude Stein, som vart ein berømt forfattar, og Judah Leon Magnes, som vart ein framtredande reformrabbinar. Hausten 1890 var Ray Frank på journalistoppdrag i Spokane i Washington, og ho vart invitert til å preke på ngereb rosj hasjaná.   Les meir …

Synagogar

Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn i lag.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den noverande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart teikna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …
Spanish Synagogue2.jpg
Španělská synagoga (Mal:Tsj.) eller Spanische Synagoge (ty.), det vil seie 'Den spanske synagogen', er ein tidlegare synagoge i bydelen Josefov i Praha i Tsjekkia. Španělská synagoga, bygd 1868, er den nyaste av alle synagogane innanfor området til den gamle Prager Judenstadt. Trass namnet er dette ein asjkenazisk synagoge; namnet kjem av bruken av nymaurisk arkitektur.   Les meir …

Asjkenazisk musikk

 

Mat

 


Populære sider

  1. Kappóres (vist g.)
  2. Asjkenazisk jødedom (vist g.)
  3. Mangóz ṣur (vist g.)
  4. Mordecai Kaplan (vist g.)
  5. Karl Emil Franzos (vist g.)
  6. Amy Eilberg (vist g.)
  7. Abraham Geiger (vist g.)
  8. Sandy Eisenberg Sasso (vist g.)
  9. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  10. Sherwin Wine (vist g.)
  11. Marcia Prager (vist g.)
  12. Ira Eisenstein (vist g.)
  13. Arthur Waskow (vist g.)
  14. Regina Jonas (vist g.)
  15. Jackie Tabick (vist g.)
  16. Julia Neuberger (vist g.)
  17. David Woolf Marks (vist g.)
  18. Saul Levi Morteira (vist g.)
  19. Malmö synagoga (vist g.)
  20. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  21. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  22. Göteborgs synagoga (vist g.)
  23. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  24. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  25. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  26. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  27. Španělská synagoga (vist g.)
  28. Asjkenazím (vist g.)
  29. Ray Frank (vist g.)
  30. Ḥeder (vist g.)