Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652)
Frå Esnoga.no
K"K Talmud Torah i Hamburg finst nemnt så tidleg som i 1627 i huset til Elijah Aboab Cardoso. Den første ḥakhámen vart Isaac Athias frå Venezia. Etterfølgjaren hans, Abrahám Ḥayyím de Fonseca (d. ijjár 5411 (1651)) var òg ḥakhám i ein annan esnoga, K"K Keter Torah. K"K Talmud Torah opphørte i 1652, da dei tre portugisarjødiske menigheitene i Hamburg vart samanslegne til K"K Bet Israel.