Pipeorgel

Frå Esnoga.no
Orgelet i Španělská synagoga i Praha.
Foto:Adrigu

Eit pipeorgel (nyn./bm., sv. piporgel, da. pibeorgel) er eit tangentinstrument der tonane blir frambrakt av luft som blir pressa gjenom piper av tre eller metall — enten ved spalteblåsing på same viset som på blokkfløyte eller med rørblad på liknande vis som klarinett. Kvar pipe kan gje éi tonehøgd, og eitt sett av éi pipe per tangent i heile omfanget blir kalla ein stemme. Pipeorgela har vanlegvis mange stemmar med ulik klangfarge, tonehøgd og styrke som kan brukast enkeltvis eller i kombinasjon med hjelp av registertrekk. Det kan vera éin eller fleire manualar (tangentrekkjer), og mange orgel har ei pedalrekkje òg. Pipeorgel er oftast store instrument som er fast plassert i bygningar. I nyare tid er pipeorgel vanlegast i kyrkjer, men dei blir òg bruka i ein del esnogas (synagogar) og konsertsalar. Repertoaret inkluderer religiøs og verdsleg musikk. Ein person som spelar på pipeorgel blir oftast kalla organist.

Orgel i esnogas

Tebáen og pipeorgelet i SnoaenCuraçao
Foto:Mingo Hagen

Pekarar

Notar