Cahal Chico
Frå Esnoga.no
Cahal Chico | ||
stradă Banu Mărăcine nr. 37, București(1900) | ||
Generelt | ||
Gruppe: | osmansk-sefardisk | |
Bygd: | 1846 | |
Innvigd: | Okjent | |
Endringar: | 1941 - øydelagt; attoppbygd etter 1945 | |
Opphørt: | riven 1986 | |
Arkitektur | ||
Esnogarommet | ||
Cahal Chico ('den litle esnogaen'), òg kjent som Templul mic spaniol „Ca’al Cicu”, var ein sefardisk esnoga som låg i stradă Banu Mărăcine nr. 37 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1846 og øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier i 1941. Etter andre verdskrigen vart esnogaen bygd opp att, men vart riven i 1986 av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.