Esnoga.no:Maghreb

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ngarúkh • Mengám longéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Maghreb


Jacob Sasportas.jpg
Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (16101698) var ein sefardisk rabbinar og erklært motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Jangakób ben Aharón Sasportas vart fødd i Oran i Algerie i 1610. Sasportas-familien frå Oran i Algerie var etterkommarar etter Naḥmanides (haRamban). Namnet deiras kjem frå «Seis Portas» (seks portar). Frå 24-årsalderen arbeidde ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas i ei jødisk menigheit i Tlemcen i Marokko, og seinare òg i Fez og Sali. Frå 1653 til han døydde den 15. april 1698 var han hovudsakleg basert i Amsterdam, med unntak av ein femårsperiode kring andre halvdel av 1670-åra da han var i Livorno i Italia.   Les meir …
Rebbí Yiṣ’ḥák ben Yàʕakób hakkohén Alfassi (10131103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Yiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Yaʕakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót.   Les meir …
5765 HaRav Baruch Gigi.JPG
Rabbinar Baruch Gigi (ברוך גיגי) er ein rosj jesjibá ved Yeshivat Har Etzion i Gush Etzion rett sørom Jerusalem. Baruch Gigi vart fødd i Marokko og immigrerte til Israel da han var elleve år gammel. Han studerte ved eit jesjibá-gymnas i Ḥefá (Haifa), og begynte så å studere ved Yeshivat Har Etzion i 1974. Han fikk semikhá som rabbinar frå Overrabbinatet i Israel, og han fikk òg ein BEd-grad frå Herzog College.   Les meir …
Mosjé ben Maimón (30. mars 113513. desember 1204), hebr. משֶׁה בֶּן מַיימוֹן [mō'še ben maj'mōn], j.-arab. מוסא אבן מימון ['mūsa ibn may'mūn], gr./lat. Moses Maimonides), mest kjent som Maimonides, var ein dokter, rabbinar og filosof som er særleg kjent for det halakhiske verket Misjné Torá og den filosofiske boka Dalālat al-ha’irīn (meir kjent som Moré nebukhím eller De rådvilles lærar) — ei bok som søkjer å harmonisere jødedommen med vitskap og aristotelisk filosofi. Mosjé ben Maimón vart fødd den 30. mars 1135 i Córdoba i Spania, som på den tida var under muslimsk styre, og studerte Torá under far sin, Maimón, og rebbí Joséf ibn Migásj. Familien flykta til Marokko etter at Córdoba fall og vart innteken av almohadane. I Marokko tok han til seg det meste av den sekulære lærdommen sin da han studerte ved universitetet i Fez. I tida han var der skreiv han det kjente kommentarverket sitt til Misjná.   Les meir …
Djerba, Synagoge La Ghriba Jan 2002 Innenansicht 5.jpg
El-Ghribasynagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba. El-Ghribasynagogen er meir enn 2 000 år gammal, og var dermed over 600 år gammel da Tunisia vart muslimsk. Dermed er han den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.   Les meir …


Populære sider

  1. Jangakób ben Aharón Sasportas (vist g.)
  2. Mimúna (vist g.)
  3. Yiṣḥák Alfassi (vist g.)
  4. Baruch Gigi (vist g.)
  5. Mosjé ben Maimón (vist g.)
  6. Mufletas (vist g.)
  7. Mossé salió de Miṣráyim (vist g.)
  8. Khboz (vist g.)
  9. El-Ghribasynagogen (vist g.)