Ortodoks jødedom

Frå Esnoga.no


Jødiske retningar

ortodoks

  • ḥaredisk
    • misnagdisk
    • ḥasidisk
    • mizraḥisk-
      ḥaredisk
  • moderne-ortodoks
    • sentristisk
    • feministisk/open-ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

  • konservativ (Amer.)
  • neolog (Ungarn)

rekonstruksjonistisk
progressiv

  • britisk reform
  • tysk-amerikansk

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret.

Ortodokse jødar reknar si form av jødedommen for å vera den mest tradisjonelle og meiner vanlegvis at alle andre former av jødedom er eit brott med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side derimot gjerne at ortodoks jødedom har gått bort frå den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel for eit statisk og dogmatisk system.

I ortodoks jødedom er det i utgangspunktet strengt definerte kjønnsrollar. Kvinner har ansvar for heimen, medan menn har ansvar for alle offentlige religiøse funksjonar, inkludert i synagogen. I dei siste åra har likevel kvinner begynt å bli meir inkludert f.eks. i leiinga av trussamfunnet. Det er vanleg at gifte kvinner dekkjer håret med eit skaut eller, i somme asjkenazisk-ortodokse samfunn, parykk.

Ortodoks jødedom kan blant anna underdelast i moderne ortodoks jødedom (inkludert open-ortodoks jødedom) og ḥaredisk jødedom (òg kalla ultraortodoks jødedom).

Lenkjer

Moderne ortodoks jødedom

Feministisk-ortodoks og open-ortodoks jødedom

Sentristisk-ortodoks jødedom

Ḥaredisk jødedom