Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1855-1934)
Kahal Kados Bet Israel | ||
Zweite Marktstraße 6, Hamburg | ||
Generelt | ||
Gruppe: | portugisarjødisk | |
Bygd: | 1855 | |
Innvigd: | 22. september 1855 | |
Opphørt: | 1934 | |
Arkitektur | ||
Periode: | nyromansk/nymaurisk | |
Arkitekt: | A. Rosengarten (1810–1893) | |
Mål: | 20 × 9 m (ytre mål, anslag etter kart) | |
Esnogarommet | ||
Kahal Kados Bet Israel i Zweite Marktstraße 6 (seinare Marcusstraße) i Hamburg vart bygd av den jødiske arkitekten Abraham (Albert) Rosengarten (1810–1893) etter at den gamle esnogaen i Alter Wall brann ned i 1842. Esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855 og var i bruk fram til 1934, da han vart selt til det asjkenaziske Deutsch-Israelitischen Gemeinde. Utvendig hadde esnogaen treetasjes trapptrinnsmøne i ei slags 1800-talsutgåve av austersjøgotikk. Interiøret var nyromansk med sterke nymauriske innslag.
Ein asjkenazisk jøde frå Hamburg som seinare flytta til Israel fortelte:
Eit besøk til den portugisiske synagogen var alltid som eit besøk til ein eksotisk plass. Religionsutøvelsen, kleda, gudstenestegangen — alt var fullstendig ulikt det vi var van med frå den tyske eller asjkenaziske gudstenesta. Seta var oppsett i ring, (...) menigheita satt kring almemoren, (...) Berre attmed inngangen var det ein benk (...) Da vi smaug oss forsagt inn og bestemte oss for å sette oss på benken atti rommet, jaga sjammásjen oss derifrå fordi at den benken var berre for sørgjande. (...) Torárullane var omslutta av rikt ornamenterte sølv- og tresylindrar, og baksida av rullane var dekt av fin sateng. Ḥazzánen og sjammásjen hadde ikkje beret, men trekornshatt, lang frakk og knebrøker med kvite strømper og svarte sko. Alt dette bidrog til ein mellomalderutsjånad som minner om måleria til Rembrandt. |
Lytteeksempel: Tradisjonell musikk frå Hamborg-esnogaen: «Halél de Segundo Día de Pascua» (utg. 1838) |
Den portugisarjødiske menigheita flytta inn i esnogaen i Innocentiastraße i 1935.
Bildegalleri
Tebá.