Esnoga.no:Sjomerím
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Sjomerím eller samaritanarar er eit israelittisk folk som er nært i slekt med jødane. Dei praktiserer samaritansk religion og held Toráen i den samaritanske utgåva for å vera den heilage skrifta. Samaritanarane hevdar sjølv at dei stammar frå sjebet Efrájim (Efrájims stamme) og sjebet Menasjé (Menasjés stamme). Det finst i dag under 1 000 samaritanarar att, fordelt på to hovudbusettingar — Ḥolón ved Tel-Aviv i Israel og Sjekhém (Nāblūs) ved Har Gerizím på Dei palestinske sjølvstyresmaktene sitt område i Judea. Samaritansk religion er ein israelittisk religion, nært i slekt med jødedommen. Samaritansk religion godtek ikkje den jødiske Tenákh, og berre den samaritanske utgåva av sjølve Toráen blir sett som kanonisk. Sentralt i samaritansk religion står fjellet Gerizím, der blant anna påskeofferet enda finn stad kvar pesaḥ.
- Sjomerím (vist g.)
- Olve Utne: «Samaritansk musikk» (vist g.)