Esnoga.no:Språk
Frå Esnoga.no
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Språk som har vore bruka av sefardím inkluderer hebraisk, arameisk, jødiskarabisk, kastiljansk, ladino, djudeospanjol, judeoportugisisk, papiamento, nederlandsk, nedertysk og engelsk.
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter. Les meir …
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, jf. portugisisk soletrar og asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir brukt blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er ulik nok til at dei ikkje er innbyrdes forståelege. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjennomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ned sidan begynnelsen av 1900-talet. Les meir …
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødar på Gibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Les meir …
Djudeospanjol eller djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Sefardisk hebraisk er den tradisjonelle forma av hebraisk blant sefardím. Det finst fleire ulike variantar av sefardisk hebraisk, men dei viktigaste dialekttrekka er at vokalfemklangen a–e–i–o–u er bevart i meir eller mindre alle samanhengar; at sjevá nang oftast blir uttala som ein kort men klår [e]; at résj blir uttala med fremre [r]; og at trykket i dei aller fleste orda følgjer masoretisk hebraisk. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
- Ladino (vist g.)
- La bendición de madre (vist g.)
- Adió querida (vist g.)
- Las estrellas de los cielos (vist g.)
- Era escuro (vist g.)
- Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
- Flory Jagoda (vist g.)
- Una noche al lunar (vist g.)
- Solitreo (vist g.)
- Páxaro d’hermosura (vist g.)
- Por una niña tan hermoza (vist g.)
- Fag:Spansk, portugisisk og ladino (vist g.)
- Mossé salió de Miṣráyim (vist g.)
- Bendigamos al altísimo (vist g.)
- Mossé, Mossé (vist g.)
- Una tarde de verano (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - L (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - A (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - E (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - U (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - I (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - P (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - M (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - J (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - Q (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - H (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - S (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - D (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - C (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - X (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - V (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - B (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - G (vist g.)
- Djudeospanjol (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - Z (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - N (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - T (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - F (vist g.)
- Djudeospanjol-norsk ordbok - Y (vist g.)