Esnoga.no:Om
Frå Esnoga.no
Esnoga.no er ein nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 543 artiklar og 588 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
|
Hovudfokus: sefardisk jødedom
Eit av hovudmåla til Esnoga.no er å vera ei stemme for sefardím og sefardisk jødedom i Skandinavia.
Sekundærfokus: masorti/progressiv jødedom
Halakhá: sefardisk
- Utgangspunktet er ikkje ortodoks jødedom, men tradisjonell jødedom med sin variasjon.
- Spesifikt er utgangspunktet sefardisk forståing av halakhá — både portugisarjødisk og osmansk-sefardisk så vel som maghrebisk.
Artikkelspråk
- Rammeverket, inkludert kategorinamn, er på nynorsk.
- Du kan skrive artiklar på nynorsk, bokmål, svensk eller dansk.
- Større og mindre bidrag til artiklar — både dei du sjølv startar og dei som andre har starta — er velkomne!
- Bidrag kan vera alt frå retting av kommafeil via tilføying av tilleggsopplysningar til å utvide artikkelen til det mangedoble.
- Bidrag på andre språk enn hovudspråket i artikkelen er velkomne, men rekn med at dei vil bli omarbeidd til hovudspråkforma i artikkelen.
Transkripsjon av jødisk terminologi
- Vi bruker sefardisk terminologi. Der asjkenazisk terminologi skil seg ut, kan vi ta med ein kommentar om dette.