Esnoga.no:Osmanske sefardím

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ngarúkh • Mengám longéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Franz Reinhold 001.jpg

Osmanske sefardím er den gruppa av sefardím som busette seg i Det osmanske riket kring utvisninga frå Spania og Portugal på slutten av 1400-talet. Det tradisjonelle morsmålet for osmanske sefardím er djudeospanjol (jødespansk).


Boyos (20220316 194540).jpg
Boyos (jød.sp., jf. sp. bollos og pt. bolos) er ein type osmansk-sefardisk bakverk som er basert på ein fin gjærdeig marinert i olje og kjevla ut og strekt og bretta fleire gonger. Fyllet kan lagast av for eksempel spinat og ost (boyos de spinaka), aubergin (boyos de berendjena) eller graskar (boyos de kalavasa). Boyos har tradisjonelt særleg vorte laga i İzmir; i dag er dei vanlege å få kjøpt både der og i Israel.   Les meir …
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter.   Les meir …
Rebbí Sjemuél de Medina (f. 1505; d. 1589 i Salonica) var ein osmansk-sefardisk rabbinar av portugisisk opphav. Han var rabbinar for den portugisiske esnogaen i Salonica. Han var òg kjent som ein viktig posék og som grunnleggar og leiar for jesjibáen i Salonica som vart finansiert av doña Gracia Mendes Nasí og følgte den sefardiske didaktikken til den andalusiske Jiṣ'ḥák Campantón (1360–1463) og hans samtidige. Sjemuél de Medina hadde sonen Moshé de Medina som òg var rabbinar og som gav ut faren sine pesakím i boka Piské rebbí Sjemuél de Medina, òg kjent som Sjeelót utsjungót méhaRaSjDaM.   Les meir …
Neveshalomistanbul.jpg
Neve Şalom-synagogen (hebr. נְוֶה שָׁלוֹם [nə'vē šā'lōm], ‘fredslunden’; tyrkisk Neve Şalom Sinagogu) i Istanbul er ein sefardisk esnoga i Beyoğlu-distriktet i Istanbul i Tyrkia. Etter at den jødiske befolkninga i dei gamle Pera- og Galata-distrikta (i dag ihopslegne under namnet Beyoğlu-distriktet) vaks frå slutten av 1930-åra, vart ein jødisk barneskule riven i 1949 for å byggje ein ny esnoga, og den synagogen stod ferdig i 1951.   Les meir …
C38138 keftes de prasa.jpg
Keftes de prasa eller fritas de prasa er lappar av prasa (purre) som tradisjonelt blir etne under ḥanukká, rosj hasjaná og pesaḥ av osmanske sefardím og ein del syriske jødar. Keftes de prasa kan vera setám (sjå oppskrift nedanfor), men kan òg vera enten ḥaláb (om ein f.eks. legg til litt feta) eller basár (keftes de prasa i karne, om ein legg til kjøtt).   Les meir …
El Dio alto.png
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ngereb kippúr.   Les meir …
Roskas (20210903 171217).jpg
Roskas, òg skrive roscas, er tradisjonelle anisbollar i osmansk-sefardisk tradisjon. Deigen er ein søt gjærdeig med egg og tilsett anis. Etter første heving delar du deigen i fire emne per kopp mjøl i deigen. Rull ut kvart emne til ei pølse som du snurrar til ein spiral. Legg tolv roskas per brett på ei bakeplate med bakepapir påstrødd litt semulegryn. Etter heving penslar du dei med egg og strør på sesamfrø. Etterhevast og bakast i varmluftsomn ved ca. 175 °C i 12–15 min. til dei er lyst gyllenbrune. Etast varme eller kalde; for seg sjølv eller med f.eks. fetaost og oliven.   Les meir …
Templul Sefard din Constanța.jpg
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven.   Les meir …
Cahal Chico.jpg
Cahal Chico ('den litle esnogaen'), òg kjent som Templul mic spaniol „Ca’al Cicu”, var ein sefardisk esnoga som låg i stradă Banu Mărăcine nr. 37 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1846 og øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier i 1941. Etter andre verdskrigen vart esnogaen bygd opp att, men vart riven i 1986 av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.   Les meir …
Cahal Grande.jpg
Cahal Grande, òg kjent som Marele templu sefard Cahal Grande og Templul Mare Spaniol, låg i stradă Negru Vodă nr. 12 i București i Romania. Esnogaen vart bygd i 1818 og vart rekna som ei av dei vakraste jødiske bygningane i București. Bygninga vart ombygd i 1890 etter planene til Grigore Cerchez. I 1941 vart esnogaen øydelagt av dei høgreekstreme Garda de Fier, men etter andre verdskrigen vart han oppattbygd. I 1985 vart begge dei sefardiske esnogas i București, Cahal Grande og Cahal Chico, rivne for å gje plass til den nye hovudgata Bulevardul Unirii.   Les meir …
Jangakób Kuli eller Iahacob Culi (יעקב כולי), òg kalla Jangakób Ḥuli (יעקב חולי) (f. 1689 i Istanbul) var ein sefardisk ḥakhám som er mest kjent som initiativtakar til og forfattar av første bandet av Mengám longéz — ein mangebands encyklopedisk kommentar til Tenákh. Jangakób Kuli dødde den 9. august 1732 i Istanbul.   Les meir …
Hajjim Josef David Azulai.jpg
Rabbinar Ḥajjím Joséf Davíd ben Jiṣ’ḥák Zeraḥjá Azulái (f. 1724 i Jerusalem; 21. mars 1807 i Livorno) (hebraisk חיים יוסף דוד אזולאי), ofte kalla haḤidá (etter forbokstavane i namnet hans, חיד"א), var ein rabbinsk lærd og ein framståande bibliofil som var ein pionér i historia om jødiske religiøse tekstar.   Les meir …
Bourekas.jpg
Borekas, òg skrive borecas, burekas og burecas, svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er börek ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske böreken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borekas.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudeospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særleg er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, døydde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å forsørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden.   Les meir …
Solitreo -exemplo.jpg
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, jf. portugisisk soletrar og asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir brukt blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er ulik nok til at dei ikkje er innbyrdes forståelege. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjennomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ned sidan begynnelsen av 1900-talet.   Les meir …
Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (15321600) var ein framståande rabbinar i Salonica i Det osmanske riket. Han var torálærar i esnogaen for eksiljødane frå Évora i Portugal. Han er særlig kjent for tesjubót-verket Maharásj Leví, som han strukturerte i tråd med 4-bandsstrukturen i Arbangá turím. Maharásj Leví vart utgjeve posthumt i Salonica i 1652.   Les meir …
Rabbin Gabriel Farhi.jpg
Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike. Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’).   Les meir …
Elias Canetti (25. juli 190513. august 1994) var ein bulgarsk-fødd sefardisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981). Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han tala flytande djudeospanjol og bulgarsk alt tidleg i barndommen. I 1911 flytta familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren dødde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i de tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 budde han i Wien, der han fikk doktorgraden i kjemi i 1929.   Les meir …
Aryeh Kaplan (19341983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av bangal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Mengám longéz.   Les meir …


Populære sider

  1. Alexander Kielland: Saloniki (1891) (vist g.)
  2. Mengám longéz (vist g.)
  3. Der Türkische Tempel (vist g.)
  4. Osmanske sefardím (vist g.)
  5. Ladino (vist g.)
  6. Maurice Abravanel (vist g.)
  7. Tavla (vist g.)
  8. Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición (vist g.)
  9. La bendición de madre (vist g.)
  10. Adió querida (vist g.)
  11. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  12. Elias Canetti (vist g.)
  13. Era escuro (vist g.)
  14. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  15. Flory Jagoda (vist g.)
  16. Aryeh Kaplan (vist g.)
  17. Karl Emil Franzos (vist g.)
  18. Una noche al lunar (vist g.)
  19. Solitreo (vist g.)
  20. Sjelomó ben Jiṣ’ḥák halleví (vist g.)
  21. Gabriel Farhi (vist g.)
  22. Daniel Farhi (vist g.)
  23. Salonica (vist g.)
  24. Quien supiese y entendiense (vist g.)
  25. Páxaro d’hermosura (vist g.)
  26. Por una niña tan hermoza (vist g.)
  27. Borekas (vist g.)
  28. Bimuelos (vist g.)
  29. Kodrero al horno (vist g.)
  30. Templul Sefard din Constanța (vist g.)
  31. Cahal Grande (vist g.)
  32. Cahal Chico (vist g.)
  33. Roskas (vist g.)
  34. El Dio alto (vist g.)
  35. Keftes de prasa (vist g.)
  36. Dolmas de kol (vist g.)
  37. Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
  38. Sjemuél de Medina (vist g.)
  39. Ḥajjím Joséf Davíd Azulái (vist g.)
  40. Boyos (vist g.)
  41. Kal de los monastirlis (vist g.)
  42. Selanikli (vist g.)
  43. Ḥayyím Ḥabíb (vist g.)
  44. Jangakób Kuli (vist g.)
  45. Sephardic Temple Tifereth Israel (vist g.)
  46. Rodesli (vist g.)
  47. Stambuli (vist g.)
  48. Izmirli (vist g.)
  49. Monastirli (vist g.)
  50. Sarajevli (vist g.)
  51. Kastorli (vist g.)
  52. Ya komimos (vist g.)