Esnoga.no:Romaniotes

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ngarúkh • Mengám longéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Kehila Kedosha Janina.jpg

Romaniotes (gr. Ρωμανιῶτες, /rōmaniōtes/), òg kalla romaniotiske jødar er ei greskspråklig jødisk gruppe som i dei siste hundreåra hovudsakleg har halde til i området kring vår tids Hellas og til ein viss grad Albania og Sør-Italia. Romaniotisk jødedom blir rekna som ei av dei retningane av rabbinsk jødedom som har halde mest på tradisjonane frå Israel slik dei var före dei kristne korstoga øydela den attvarande infrastrukturen i det jødiske samfunnet der. Blant typiske trekk i romaniotisk jødedom kan nemnast synagogearkitekturen med si bipolare planløysning: Tebáen (leseplattforma) ligg vanlegvis på motsett vegg i forhold til Hekhál (arka el. toráskåpen). Torárullane blir tradisjonelt lagra i tikím (sylindrar) heller enn i vestidos (kappor). Ein legg svært stor vekt på Talmúd jerusjalmí. Det er tradisjonelt relativt mykje bruk av jevanisk, eller «jødegresk», som liturgisk språk attmed hebraisk.


Artiklar

150 j s del medigo.png
Joseph Solomon Del Medigo (15911655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof. Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i CandiaKreta som son av Elijjáhu, rabbinaren i Candi. Joseph fikk ei grundig jødisk så vel som verdsleg utdanning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammel, studerte han logikk, naturfilosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei.   Les meir …


Populære sider

  1. Joseph Solomon Del Medigo (vist g.)
  2. Romaniotes (vist g.)