Esnoga.no:Skandinavia

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ngarúkh • Mengám longéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Skandinavia


Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son til Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter av Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Johan Bravo 1863.jpg
Johan (Josva) Bravo (f. 3. september 1797 i Altona; d. 29. april 1876 i Roma) var ein portugisarjødisk/dansk målar og konsul. Bravo var fødd i Altona som son av ? og Israel Bravo (1759-1824), forstandar for den portugisarjødiske menigheita og utdana seg til målar ved Kunstakademiet i København 1816-18. Etter å ha hogd sig møysommeleg gjennom i nokre år lyktest det for honom i 1827 å komma til Roma, kor han snart oppgav målarkunsten for heilt å vie seg til praktiske forretningar.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …
Elisabeth Jerichau Baumann Robert Henriques 1876-78 51,5 x 42,0 cm.jpg
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques. I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer.   Les meir …
Bendix Henriques.jpg
Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.   Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra.   Les meir …
Synagogen i Bergstien i Oslo.jpg
Det Mosaiske Trossamfund i Oslo sin synagoge i Geitmyrsveien i Kristiania (no: Bergstien i Oslo) vart påbegynt i 1918 og fullført til ḥanukká i 1919. Frå 1939 av, etter at Den Israelittiske Menighet gikk inn i DMT att, vart dette synagogen for alle jødar i Oslo. Synagogen vart konfiskert av nazistane under andre verdskrigen, men mirakuløst nok vart synagogen og alt inventaret ståande uskadd gjennom heile krigen.   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) var ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerte seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og var open for alle som kjente seg tilknytt til jødedom og ville vera med, uavhengig av om dei var jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten var sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg vart det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
6199 St. Joergensveita 7, Trondheim.jpg
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925.   Les meir …
Trondheim jodiske museum.jpg
Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinneleg bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.   Les meir …
Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900.   Les meir …
Sigrid de Lemos (Vaare falne).jpg
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo.   Les meir …
Vi veit ikkje så mykje om norsk-jødisk historie føre 1851. I 1844 vart forbodet mot portugisarjødar i kongeriket Norge oppheva, og i 1851 vart òg forbodet mot asjkenaziske jødar oppheva ved grunnlovsendring. Da hadde det vore eit meir eller mindre totalt forbod mot jødar på norsk jord sidan 1814. Men føre 1814 var situasjonen ein litt annan: Etter loven hadde asjkenaziske (sentral- og austeuropeiske) jødar ikkje adgang til Norge — enten i det heile teke eller, i enkelte periodar, berre med leidebrev; men sefardiske (spanske/portugisiske) jødar trong ofte ikkje slike leidebrev — og i andre periodar kunne asjkenaziske jødar reise til Norge utan leidebrev òg. Denne sida er eit forsøk på å samle informasjon om desse fire punkta: Kva var den offisielle jødepolitikken? Kva skjedde i praksis? Fanst det jødar som hadde samband med Norge eller var i Norge i kortare eller lengre periodar? Sette dei i så fall spor etter seg som vi framleis kan sjå i dag?   Les meir …
Malmö synagoga.jpg
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attverande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …
Synagogan i Karlstad (606 7 5).jpg
Synagogen i Karlstad (sv. Synagogan i Karlstad) i bydelen Klara i Karlstad i Karlstads kommun i Värmland var ein tresynagoge bygd i 1895 i nymaurisk stil. Synagogen var aktiv fram til 1955. Bygninga vart riven i 1961.   Les meir …
Stora Synagogan i Stockholm Inskrifter 2006.jpg
Stora Synagogan i Stockholm vart innvigd i 1870 og er hovudsynagogen til Judiska församlingen i Stockholm. Synagogen vart teikna av arkitekten Fredrik Wilhelm Scholander. Det finst pipeorgel der som blir bruka under gudstenestene. Sitteplassane er inndelt i tre område — til venstre i hovudrommet sitt berre menn, på galleriet sitt berre kvinner, og til høgre i hovudrommet sitt kvinner og menn i lag.   Les meir …
The synagogue in Gothenburg, 11 October 2005.JPG
Den noverande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart teikna av den tyske arkitekten August Krüger. I motsetning til i dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit mekanisk pipeorgel med 13 stemmar og klingande fasade frå Marcussen & Sohn.   Les meir …


Populære sider

  1. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  2. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  3. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  4. Manoel Teixeira (vist g.)
  5. Den første esnogaen i København (vist g.)
  6. Johan Bravo (vist g.)
  7. Sally Henriques (vist g.)
  8. Robert Henriques (vist g.)
  9. Bendix Henriques (1725–1807) (vist g.)
  10. Leon Lopez (vist g.)
  11. Abraham Lopez (vist g.)
  12. Synagogen i Bergstien i Oslo (vist g.)
  13. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  14. Moses Levi (vist g.)
  15. Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
  16. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
  17. Adolph de Lemos (1848–1900) (vist g.)
  18. Sigrid de Lemos (1883–1942) (vist g.)
  19. Norsk-jødisk historie føre 1851 (vist g.)
  20. Betænkninger, indhentede i Anledning af det paa 9de ordentlige Storthing fremsatte Forslag til Ophævelse af Grundlovens § 2 sidste Passus (1842) (vist g.)
  21. Malmö synagoga (vist g.)
  22. Synagogen i Karlstad (vist g.)
  23. Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
  24. Göteborgs synagoga (vist g.)