Tebá

Frå Esnoga.no
Innsida av Esnogaen i Amsterdam, med tebáen i forgrunnen.

Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga av gudstenestene går for seg.

Andre namn

Bima

Asjkenazím, særleg frå Russland, kallar tebáen bima.

Almemmar, Balemmer

Asjkenazím frå Tyskland og Polen seier gjerne almemmar eller balemmer.

Plassering

Attast i rommet

I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nært atterenden av esnogarommet.

Midt i rommet

I tradisjonelle asjkenaziske og mange mizraḥiske esnogas er tebáen gjerne plassert nært midten av esnogarommet.

Nærme Hekhál

I asjkenaziske ikkje-ortodokse synagogar, særleg i Nord-Amerika, er tebáen gjerne ihopslegen med dukhán-området fremst i synagogerommet, nært Hekhál.

Andre tydingar av ordet tebá


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkene) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (taled, tallit, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (kalott) · mezuzá (dørkarm) ·