Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675)
Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam.
Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samenslegne under det novarande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den davarande Houtgracht til ein felles synagoge. (Kanalen er no attfylt og plassen heiter Waterlooplein.) Ettersom det ikkje var plass til siderom til kvinnone i den nye esnogaen, vart det bygd galleri langs sidone i hovudrommet i staden — med både kvinne- og mannsseksjonar. Så vidt vi veit var dét første gongen den løysninga vart bruka i nån slags esnoga/synagoge.
Kjelder
Krinsky, Carol Herselle: Synagogues of Europe. Architecture, history, meaning. The Architectural History Foundation, New York, N.Y., ca 1985.