Kastiljansk
Kastiljansk (castellano) eller spansk (español) hører til den iberiske gruppa av den romanske greina av indoeuropeiske språk. Språket har opphav i det nordlige Castilla og spreidde seg tidleg derifrå vidare til resten av det sentrale og sørlige Spania. Gjenom den spanske kolonialiseringa frå slutten av 1400-talet og utover har spansk teke over som hovudspråk i heile det som no er kjent som Latin-Amerika, berre med unntak av Brasil. På liknande vis, men i mindre grad, har språket òg vorte utbreidd i Afrika og Aust-Asia. I Skandinavia har spansk hovudsakleg vore aktuelt i samband med kleppfiskhandel i tidlegare tider; og i samband med innvandring frå latinamerikanske og andre spanskspråklige land så vel som i samband med reising til og busetting i spanskspråklige land og område frå 1970-åra og utover.
Historie
Grammatikk
Portugisarjødane
Kleppfiskhandelen
Ord med kastiljansk opphav som har slege gjenom i kristiansundsdialekten inkluderer å vende (’å sele (fisk)’, ‘å handle (med fisk’, frå kastiljansk «vender»), å ha save på (noko) (‘å ha greie på (noko)’, frå kastiljansk «saber», ‘(å) kunna’) og bacalao (‘kleppfiskgryte med tomatsaus’, frå kastiljansk «bacalao», ‘torsk, kleppfisk’).