Der Türkische Tempel
Türkischer Tempel | ||
Generelt | ||
Gruppe: | osmanske sefardím | |
Bygd: | Okjent | |
Innvigd: | 1888 | |
Opphørt: | november 1938 | |
Arkitektur | ||
Periode: | nymaurisk | |
Arkitekt: | Hugo von Wiedenfeld | |
Esnogarommet | ||
Plassar: | hovudrommet: 314 nere, 110 sitteplassar og 250 ståplassar på galleriet; 105 i vinterrommet | |
Der Türkische Tempel (ty.), eller Det tyrkiske tempelet, låg i Zirkusgasse 22 i 2. Wiener Gemeindebezirk Leopoldstadt. Han vart oppført i 1885–1887 i nymaurisk stil etter teikningar av arkitekten Hugo von Wiedenfeld og innvigd i 1888. Der Türkische Tempel var esnogaen for det sefardiske samfunnet i Wien fram til han vart rasert av austerrikske pøblar under Krystallnatta den 9. november 1938.
Om bygninga
Esnogaen vart teikna av arkitekten Hugo von Wiedenfeld i nymaurisk stil etter forbilde av Alhambra. Han vart bygd mellom fleire nabohus, og for å komma inn i sjølve esnogaen laut ein gå gjennom ein forgård. Vidare gikk ein inn i vestibylen og inn i det kvadratiske hovudrommet med mosaikkgolv og 17 meter høge vegger som i sin tur bar ein 12 meter høg, åttekanta kuppel. Lyskjeldene var overlysglas og lanterner. Hekhál (Toráskåpet) var, som storparten av rommet, kledd med marmor og stukkatur. Etter osmansk-sefardisk tradisjon var det parókhet utafor Hekhál-dørene heller enn innanfor (som blant portugisarjødar). Store deler av interiøret var dekorert i gull og andre fargar. Tebáen (lesarplattforma) var nær Hekhál. Ved bakveggen var det eit orgelgalleri. Det var 314 sitteplassar nede i hovudrommet. Galleria, som dekte tre av veggene, gav plass til ytterlegare 360 personar, fordelt på 110 sitteplassar og 250 ståplassar. I førsteetasjen var det eit mindre vinter-forsamlingsrom med 105 sitteplassar.
Menigheita
Det tyrkisk-jødiske samfunnet i Wien vart grunnlagt alt i 1736 og fikk fleire særrettigheiter av keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket. Avtalar med den osmanske regjeringa førte med seg ytterlegare bevegelsesfriheit, og gjennom desse avtalane kunne dei òg hevde større sjølvstyre etter 1848 og 1867. Dei tyrkiske jødane i Wien var stolte av den sefardiske bakgrunnen sin og la stor vekt på å bevara det jødespanske språket sitt og det sefardiske esnogaritualet. Samtidig heldt medlemmane oppe den nære kontakten med Det osmanske riket.
Første gongen det vart nemnt eit bedelokale for tyrkiske jødar i Wien var i 1778, men vi veit ikkje adressa. I 1824 vart den daverande esnogaen i Oberen Donaustraße øydelagt av brann, og menigheita flytta til nye lokale i Große Mohrengasse. Medlemstalet i menigheita vaks sterkt dei neste åra, så dei kjøpte ei tomt i Fuhrmanngasse 22 (no Zirkusgasse) og begynte å byggje ein ny esnoga, som vart opna i 1868. Men det viste seg snart at bygninga hadde så mange manglar at dei laut rive ho etter nokre få år.
Dei engasjerte arkitekten Hugo von Wiedenfeld til å planlegge og teikne den nye esnogaen, og i 1885 til 1887 vart esnogaen som vart kjent som Det tyrkiske tempelet bygd. Da den nye israelittloven av 1890 vart sett i verk, mista den tyrkisk-jødiske menigheita sjølvstendigheita og skulle innlemmast i Israelitische Kultusgemeinde. Etter lange forhandlingar fikk den tyrkisk-jødiske menigheita noko meir sjølvstyre, og dei fikk blant anna lov til å fortsette med sine eigne menigheitsprotokollar. Rabbinaren i Det tyrkiske tempelet var Michael Papo frå Sarajevo. Etter den tid stod esnogaen i praksis utan rabbinar, ettersom sonen hans, rabbinar Manfred Papo, berre sporadisk tente i Det tyrkiske tempelet. Etter første verdskrigen var Oberkantor Isidor Löwit sentral; han skapte ein eigen songstil med utgangspunkt i dei osmansk-sefardiske melodiane.
Kjelder
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |