Kal de los monastirlis
קהל קדוש מונאסטירליס Kal de los monastirlis | ||
Οδός Συγγρού 35, Salonica, Hellas (2010) Arie Darzi | ||
Generelt | ||
Gruppe: | osmansk-sefardisk | |
Bygd: | 1925–1927 | |
Innvigd: | 1927 | |
Opphørt: | ||
Arkitektur | ||
Periode: | nyklassisisme | |
Arkitekt: | Eli Ernst Levi | |
Esnogarommet | ||
Kal de los monastirlis (קהל קדוש מונאסטירליס) er ein osmansk-sefardisk esnoga i Salonica i Hellas. Esnogaen vart bygd 1925–1927 og innvigd den 27. elúl 5687 / 24. september 1927 av ḥakhám Ḥayyím Ḥabib (1882–1943). På grunn av at han vart beslaglagt av Raude Kors vart bygninga berga under andre verdskrigen. Sommaren 1978 vart esnogaen mykje øydelagt på grunn av jordskjelv, men han vart istandsett att av den greske staten. I dag blir esnogaen først og fremst brukt under dei høge heilagdagane.
Esnogaen vart bygd for samfunnet av osmanske sefardím som hadde flykta frå Monastir på grunn av balkankrigane 1912–1913 og første verdskrigen 1914–1918. Han vart teikna av Eli Ernst Levi, finansiert først og fremst av Ida Aroesti og i tillegg med bidrag frå familiane Camhi, Joseph Nahmias, Massot, Barouch, Halevi, Israel, Calderon, Faradji og Meir.
Kjelder
- «Monastir Synagogue (Thessaloniki)» på Engelsk Wikipedia