Kva er ein esnoga

Frå Esnoga.no
Slik ser det ut inni Esnogaen i Amsterdam. Vi ser tebáen (plattforma der en leiar lesinga frå) nærmast i bildet, og Hekhál (toráskåpet) i bakgrunnen.
Foto:«Joaotg»

Ein esnoga eller ein synagoge er eit hus som blir brukt til jødiske gudstenester.

Eit slikt gudshus blir kalla esnoga eller synagoge i jødedommen, gurduara i sikhismen, moské i islam, kyrkje i kristendommen og så vidare.

I esnogas finst det som regel ...

Når vi går inn i synagogen, passar alle gutar og menn på at hovudet er dekt. Om du ikkje har huve eller hatt på, skal du bruke ein kippa (kalott). Dét gjeld enten du er jødisk eller ikkje-jødisk, akkurat som alle tek av seg skorne i ein moské og alle tek av seg hovudplagget i protestantiske kyrkjer.

Jenter og kvinner dekkjer òg hovudet i ein del synagogar. I andre synagogar er skikken at berre gifte kvinner dekkjer hovudet.

Les meir

Andre lette artiklar