Artiklar
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første
portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i
1695, da
Samuel Teixeira og familien hans var i
København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var
Jacob Abensur med familie og, frå 1692,
Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at
Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og
Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.
Les meir …
Kahal Kados Talmud Torah, bygd
1639, var den første felles
portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i
Amsterdam. Tidleg på
1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i
Amsterdam tre
esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam —
Beth Jacob (ca1602/1610),
Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og
Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå
1622 av, og i
1639 vart dei samenslegne under det novarande namnet
Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den davarande Houtgracht til ein felles synagoge.
Les meir …
Ein
sefer (
hebr. סֵֽפֶר ['sēfer],
pl. sefarím) eller
sefer Torá (
hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā],
pl. sifré Torá), òg kalla
torárull eller
lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den
hebraiske teksten av
Toráen (Mosebøkerne). For å vera
kasjér (brukande etter
halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein
sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.
Les meir …
Cahal Grande (
קהל גראנדי), òg kjent som
Marele templu sefard Cahal Grande og
Templul Mare Spaniol, låg i stradă Negru Vodă nr. 12 i
București i
Romania.
Esnogaen vart bygd i
1818 og vart rekna som ei av dei vakraste jødiske bygningane i București. Bygninga vart ombygd i
1889 etter planene til Grigore Cerchez, og i
1891 vart eit
pipeorgel teke i bruk. I
1941 vart esnogaen øydelagt av dei høgreekstreme
Garda de Fier, men etter andre verdskrigen vart han oppattbygd. I
1985 vart begge sefardiske esnogas i București, Cahal Grande og
Cahal Chico, rivne av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata
Bulevardul Unirii.
Les meir …
Cahal Chico ('den litle esnogaen'), òg kjent som
Templul mic spaniol „Ca’al Cicu”, var ein
sefardisk esnoga som låg i stradă Banu Mărăcine nr. 37 i
București i
Romania. Esnogaen vart bygd i
1846 og øydelagt av dei høgreekstreme
Garda de Fier i
1941. Etter andre verdskrigen vart esnogaen bygd opp att, men vart riven i
1986 av Ceaușescu-regimet for å gje plass til den nye hovudgata
Bulevardul Unirii.
Les meir …
Templul Sefard din Constanța, eller
Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein
esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i
Constanța i
Romania. Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i
1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under
andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i
1989 vart bygninga riven.
Les meir …
Populære sider- Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
- Geir Winje: Synagogen (vist g.)
- Haftará (vist g.)
- Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
- Meḥiṣṣá (vist g.)
- Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652) (vist g.)
- Ner tamíd (vist g.)
- Hekhál (vist g.)
- Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
- Stora Synagogan i Stockholm (vist g.)
- Cahal Chico (vist g.)
- Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1652-1842) (vist g.)
- Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675) (vist g.)
- Kva er ein esnoga (vist g.)
- Sephardic Temple Tifereth Israel (vist g.)
- Tebá (vist g.)
- Sefer (vist g.)
- Den første esnogaen i København (vist g.)
- El-Ghribasynagogen (vist g.)
- Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
- Kal de los monastirlis (vist g.)
- Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1935-1940) (vist g.)
- Cahal Grande (vist g.)
- Göteborgs synagoga (vist g.)
- Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim (vist g.)
- Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
- Templul Sefard din Constanța (vist g.)
- Minyán (vist g.)
- Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim (vist g.)
- Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
- Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1855-1934) (vist g.)
- Rabbinar (vist g.)
- Der Türkische Tempel (vist g.)
- Synagogar på ekstreme breiddegrader (vist g.)
- Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
- Esnoga (vist g.)
- Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
- Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
- Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg (vist g.)