Esnoga.no:Mat og drikke
Frå Esnoga.no
|
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Mat og drikke
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelo, som òg kan bli skrive bumuelo, birmuelo, bermuelo, burmuelo eller bulema, er djudeospanjol og heng ihop med spansk «buñuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades). Les meir …
Jødekaker (nyn./bm.; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honning og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkaker baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakene er òg at det er minimalt med væske i dei. Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi. Les meir …
Ḥaróset (hebr. חֲרֽוֹסֶת ḥă'rōset) er ei blanding av frukt, nøtter, vin eller eddik og eventuelt krydder som blir bruka som ein av dei symbolske matrettene under den jødiske haggadáen på dei to første kveldane av pesaḥ (den jødiske påska). Ḥaróseten symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Les meir …
Ei mina de maṣṣá (pl. minas de maṣṣá) er ein sefardisk innbakt maṣṣá-pai med grønsaker eller kjøtt. Til eit kjøttmåltid er det vanleg med lammekjøtt som basis. Ein setám (parve, nøytral) variant er purrefyll. Til mjølkemåltid kan fyllet vera for eksempel spinat og fetaost. Les meir …
Keftes de prasa eller fritas de prasa er lappar av prasa (purre) som tradisjonelt blir etne under ḥanukká, rosj hasjaná og pesaḥ av osmanske sefardím og ein del syriske jødar. Keftes de prasa kan vera setám (sjå oppskrift nedanfor), men kan òg vera enten ḥaláb (om ein f.eks. legg til litt feta) eller basár (keftes de prasa i karne, om ein legg til kjøtt). Les meir …
Boyos (jød.sp., jf. sp. bollos og pt. bolos) er ein type osmansk-sefardisk bakverk som er basert på ein fin gjærdeig marinert i olje og kjevla ut og strekt og bretta fleire gonger. Fyllet kan lagast av for eksempel spinat og ost (boyos de spinaka), aubergin (boyos de berendjena) eller graskar (boyos de kalavasa). Boyos har tradisjonelt særleg vorte laga i İzmir; i dag er dei vanlege å få kjøpt både der og i Israel. Les meir …
Portugiesische Kuchen var ein tradisjonell småkaketype blant portugisarjødar i Hamburg. Det er eit av bakverka som går under namnet jødekaker i Skandinavia. Les meir …
Aroz amariyo (djudeospanyol), arroz amarillo (kastiljansk) eller gul ris er ein tradisjonell matrett, blant sefardím og i generell matkultur frå Sentral-Asia og Indonesia via Middelhavet til Latin-Amerika og Sør-Afrika. For å gjera risen gul blir det vanlegvis brukt enten safran, gurkemeie eller annatto. Les meir …
Ekte sukatar (gjennom fransk succade frå italiensk succada) er småe terningar av salta, gjæra og kandisert albedo av etróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukat bruka som tilsetting i kringleer og julekake. I Norge blir sukatar produsert av Freia, som no blir eigd av det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant av sukat blir laga av graskar i staden for etróg. Det finst fleire ulike hypotesar om namnet «sukat», som heiter succade på engelsk, sukade på nederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i samband med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produsert frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten). Les meir …
- Sjeḥitá (vist g.)
- Matvarer for pesaḥ (vist g.)
- Ḥaméṣ (vist g.)
- Kitniyyót (vist g.)
- Økokasjrút (vist g.)
- Matforskrifter for sjabbát (vist g.)
- Batél barób (vist g.)
- Cochinilla (vist g.)
- Løype (vist g.)
- Matforskrifter for pesaḥ (vist g.)
- Kasjrút (vist g.)
- Kasjér (vist g.)
- Matforskrifter for yom tób (vist g.)
- Mandelkake (vist g.)
- Arroz con leche (vist g.)
- Falafel (vist g.)
- Etróg (vist g.)
- Dolmas de kol (vist g.)
- Sjoḥét (vist g.)
- Pittá (vist g.)
- Pescado frito (vist g.)
- Jødekaker (vist g.)
- Ḥaróset (vist g.)
- Ḥammín (vist g.)
- Vaflar (vist g.)
- Mufletas (vist g.)
- Kodrero al horno (vist g.)
- Riskake (vist g.)
- Borekas (vist g.)
- Riskaker (vist g.)
- Vaflar av sandkakedeig (vist g.)
- Bimuelos (vist g.)
- Birkàt hammazón (vist g.)
- Bacalao (vist g.)
- Maṣṣá (vist g.)
- Khboz (vist g.)
- Keftes de prasa (vist g.)
- Marór (vist g.)
- Roskas (vist g.)
- Ya komimos (vist g.)
- Portugiesische Kuchen (vist g.)
- Aroz amariyo (vist g.)
- Aroz kon tomat (vist g.)
- Sukat (vist g.)
- Mina de maṣṣá (vist g.)
- Boyos (vist g.)
- Sefardisk mat (vist g.)
- Pepparkaker (vist g.)
- Guevos ḥaminados (vist g.)
- Druer (vist g.)
- Dolmas (vist g.)