Esnoga.no:Musikk

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Musikk


Artiklar

A shiviti, Denmark.png
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar.   Les meir …
Flory Jagoda 2002.jpg
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter.   Les meir …
«Portugisarjødisk synagogemusikk» av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l
     Dei mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i: Den Haag, Maarssen og Naarden i Nederland; Hamburg og Altona i Tyskland; London og Manchester i England; New York og Philadelphia i USA; Paramaribo i Surinam; og Curaçao, St. Thomas og mange andre plassar i Karibia.   Les meir …
El Dio alto.png
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr.   Les meir …
Tz 006 Mizmor shir.png
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ʕarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»).   Les meir …
Hesqui.jpg
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá.   Les meir …
Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …


Populære sider

  1. Adón hasseliḥót (vist g.)
  2. Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
  3. Las estrellas de los cielos (vist g.)
  4. La Despedida (vist g.)
  5. Hazeremos una merenda (vist g.)
  6. Adió querida (vist g.)
  7. Una noche al lunar (vist g.)
  8. Sefardisk musikk (vist g.)
  9. Por una niña tan hermoza (vist g.)
  10. Era escuro (vist g.)
  11. Sjivvíti (vist g.)
  12. Abraham de Casseres (vist g.)
  13. Mi ze yemallél (vist g.)
  14. Mossé, Mossé (vist g.)
  15. Una tarde de verano (vist g.)
  16. Páxaro d’hermosura (vist g.)
  17. Mossé salió de Miṣráyim (vist g.)
  18. Flory Jagoda (vist g.)
  19. George Frideric Handel: Judas Maccabæus (vist g.)
  20. El Dio alto (vist g.)
  21. Tehillím 92 (vist g.)
  22. Bendigamos al altísimo (vist g.)
  23. Quien supiese y entendiense (vist g.)
  24. Maʕóz ṣur (vist g.)
  25. Portugisarjødiske teʕamím (vist g.)
  26. M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk» (vist g.)