Esnoga.no:Progressiv jødedom

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Temple Emanuel, Willemstad, Curacao.jpg

Progressiv jødedom er eit fellesnamn for dei retningane av rabbinsk jødedom som er vidareutvikla av tysk reformjødedom, amerikansk reformjødedom, britisk liberal jødedom og britisk reformjødedom, og namnet blir ofte — særleg i Europa — òg bruka for den noko ulike retninga rekonstruksjonistisk jødedom. Reformjødedommen oppstod som retning i Tyskland først på 1800-talet. Den første reformsynagogen vart formelt stifta i Hamburg i 1818 av sefardiske og asjkenaziske jødar. Inntil kring 1870 var songstilen i den hamburgske reformmenigheita i hovudsak sefardisk. Myten om at reformjødedommen er ei reint asjkenazisk retning er såleis ikkje sann.


Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …
Abraham Geiger.jpg
Abraham Geiger (18101874) var ein tysk-asjkenazisk rabbinar og religionshistorikar med jødedom og islām som hovudfelt som var ein av leiarane i etableringa av den tyske reformjødedommen. Han arbeidde for å fjerne alle nasjonalistiske elementa — og da særleg trua på at jødane er det utvelte folket. Han la elles vekt på at jødedommen er ein religion i utvikling og endring.   Les meir …
ReginaJonas1.jpg
Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar døydde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjelder?   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) vart stifta i februar 2007 som ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerte seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og var open for alle som kjente seg tilknytt til jødedom og ville vera med, uavhengig av om dei var jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten var sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg vart det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Reb Arthur Waskow.jpg
Arthur Waskow (f. 1933) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og forfattar som mange reknar som ein av leiarane av rørsla jødisk fornying. Han har vore involvert i jødisk fornying sidan 1969, og han er ein «stifinnar» i ALEPH: the Alliance for Jewish Renewal. Han er grunnleggar og leiar av The Shalom Center, ein organisasjon som arbeider for å «verne om heile jorda» på måtar som er fundert på jødisk tankegods og praksis.   Les meir …
Rabbi Marcia Prager er ein lærar, fortelar, kunstnar, terapeut og rabbinar med ordinasjon frå Reconstructionist Rabbinical College og personlig semikhá frå Zalman Schachter-Shalomi som er blant de mest sentrale aktørane i jødisk fornyingsrørsla i dag. Ho er dean (administrativ leiar) av the ALEPH Ordination Programs, det desentraliserte rabbinar- og ḥazzánseminaret til fornyingsrørsla.   Les meir …
Reb Zalman 2005.jpg
Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det daverande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla. Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det daverande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.   Les meir …
RRC.JPG
The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdaningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania, er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdaning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, fører fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk. Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opprinnelig til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania.   Les meir …
Aleph5logo.jpg
Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.   Les meir …
ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir drive av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).   Les meir …


Populære sider

  1. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamburg (vist g.)
  2. Gabriel Farhi (vist g.)
  3. Daniel Farhi (vist g.)
  4. David Woolf Marks (vist g.)
  5. Julia Neuberger (vist g.)
  6. Abraham Geiger (vist g.)
  7. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  8. Regina Jonas (vist g.)
  9. Sherwin Wine (vist g.)
  10. Jackie Tabick (vist g.)
  11. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  12. Forms of Prayer used in the West London Synagogue of British Jews (vist g.)
  13. Sandy Eisenberg Sasso (vist g.)
  14. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  15. Arthur Waskow (vist g.)
  16. Progressiv jødedom (vist g.)
  17. Rekonstruksjonistisk jødedom (vist g.)
  18. Ira Eisenstein (vist g.)
  19. Mordecai Kaplan (vist g.)
  20. Marcia Prager (vist g.)
  21. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  22. Siddur Ḥadesh Yameinu (vist g.)
  23. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  24. Reconstructionist Rabbinical College (vist g.)
  25. Jødisk fornying (vist g.)
  26. ALEPH (vist g.)
  27. ALEPH Ordination Programs (vist g.)
  28. Økokasjrút (vist g.)
  29. Humanistisk jødedom (vist g.)
  30. Reformjødedom (vist g.)