Templul Sefard din Constanța
Templul Sefard din Constanța | ||
stradă Mircea cel Bătrân nr. 18, Constanța (1942) | ||
Generelt | ||
Gruppe: | osmansk-sefardisk | |
Bygd: | 1903–1905/1908 | |
Innvigd: | Okjent | |
Opphørt: | riven 1986 | |
Arkitektur | ||
Arkitekt: | Adolf Linz | |
Esnogarommet | ||
Templul Sefard din Constanța, eller Det sefardiske tempelet i Constanța, var ein esnoga i stradă Mircea cel Bătrân nr. 18 i Constanța i Romania.
Den første sefardiske esnogaen i Constanța vart bygd på same tomta, som var donert frå Ismail Kemal Bey, i 1866. Den nye esnogaen vart bygd på same tomta frå 1903 av og ferdigstilt i 1905 eller 1908 i katalansk-gotisk stil etter teikningar av den austerrikske arkitekten Adolf Linz og dekorert av målaren Moritz Finkelstein. Under andre verdskrigen vart esnogaen konfiskert av dei rumenske myndigheitene og brukt bl.a. som ammunisjonslager, og han vart mykje skadd. I 1977 vart esnogaen meir skadd under eit jordskjelv, og i 1989 vart bygninga riven.
Galleri
Interiør mot Hekhál, 1942.
Kjelder
- Anghel, Florin; Leonte, Cristian Andrei (November 23, 2014). https://www.info-sud-est.ro/templul-sefard-din-constanta-despre-memorie-uitare-si-locuri-pustii/ «Templul Sefard din Constanța: Despre memorie, uitare și locuri pustii»] på Info-Sud-Est.ro
- Teodorescu, Nicoleta Doina; Lucescu, Corina (2012): «The Architectural Heritage of the Jews in Constanța» (PDF). Lese 29.12.2021.