Jødar
|
Jødar er medlemmar av religionen jødedom og/eller medlemmar av ei folkegruppe, eller ei gruppe nærskyldte folkegrupper, som hovudsakleg praktiserer jødisk religion.
I si tilsynelatande motsetning mellom ein klår etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk utbredelse og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klår definisjon ikkje ulike de tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe/folkegrupper.
Legal definisjon av ‘jøde’ etter halakhá
Etter rabbinsk-jødisk religiøs lov (sjå → Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller (2) om du har konvertert til jødedommen. Somme andre jødiske grupper reknar farsarven som avgjerande for om nokon er jødisk. I dei moderne rabbinsk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nokon som jødisk enten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ein jødisk oppdragelse.
Prestar og levittar
Ifølgje Bibelen var israelsfolket opprinneleg inndelt i tolv stammar. Dette stammesystemet braut i hovudsak saman for over 2000 år sidan, med unntak av Levi (levittane), med si undergruppe kohaním (prestar). Desse to gruppone har framleis sine spesifikke rollar i synagogen — noko som kan ha vore med på å halde oppe identiteten deiras. Stammetilknytinga blir, i motsetning til det å vera jøde, arva på farssida.
Konvertering
Det jødiske synet på misjon og konvertering har variert mykje gjenom historia og varierer òg mykje mellom olike jødiske grupper. I asjkenazisk ortodoks jødedom er hovudsynet at misjon er olovlig og at konvertering bør vara ein lang prosess med høge krav. Andre retningar av jødedommen har for det meste meir toleranse for misjon og ein noko enklare konverteringsprosess — noko som fører med seg at ikkje-ortodokse konverteringar ofte ikkje blir godtekne av ortodokse rabbinarar.
Etnisk inndeling
Viktige etniske undergrupper av jødar inkluderer dei relativt nærskyldte sefardiske, italkiske og asjkenaziske jødane, og i tillegg mange undergrupper av mizraḥiske jødar. Grupper som skil seg sterkare ut inkluderer blant anna Beta Esrael frå Etiopia og bene Israel frå India.
Språk
I dei fleste jødiske gruppene er hebraisk det grunnleggande språket for kulturelt samanbindande religiøse ritual, inkludert livssyklusritual. Dei tradisjonelt sett viktigaste unntaka er Beta Esrael og bene Israel, som hadde mist hebraisk som språk ein gong føre nyare tid. Viktige språk med halvsakral status inkluderer arameisk i dei fleste jødiske gruppene, og lokalt òg språk som jødearabisk, spansk, djudíospanjol (jødespansk), portugisisk, gresk og jiddisch.
Morsmål har tradisjonelt vore eitt av språka nemnt ovaför eller andre lokale språk i området der ein budde.
Blant asjkenazím har jiddisch vore morsmål sidan mellomalderen, og sjølv om talet på jødar med jiddisch morsmål er sterkt redusert i vår tid, har språket enda breid appell som kulturelt ikon blant asjkenazím — særleg i Europa og Nord-Amerika
Hebraisk gikk ut av bruk som morsmål ein gong kring begynnelsen av den vestlige tidsrekninga, men var gjenomgåande bruka i religiøs samanheng ved sida av arameisk og etterkvart arabisk. Frå kring 1000-talet av vart hebraisk bruka i aukande grad for dikting, jødisk teologi, filosofi og vitskap.
Som muntlig spontanspråk har hebraisk vore i bruk i varierande grad i handel, jødisk utdaning og internasjonalt samkvem meir eller mindre kontinuerlig. I Éreṣ Jisra’él (det historiske Israel, deler av det historiske landskapet Palestina) har hebraisk vore mykje i bruk (ved sida av arabisk og djudíospanjol) blant sefardím og mizraḥím sidan slutten av 1400-talet.
Hebraisk som morsmål vart attinnført av hovudsakleg asjkenazím med grunnlag i lokal sefardisk dagliguttale sist på 1800-talet.
Matkultur
Ein vesentleg samlande faktor for jødar som etnisitet er matkulturen. Det er særleg tre faktorar som bind dei ulike tradisjonane i hop:
- Kasjrút, eller reglane om lovlig og ulovleg mat.
- Sjabbát, eller reglane om matlaging for kviledagen.
- Jødiske høgtider med sine spesifikke kulturelle symbol.
Jødar i Norge
I hovudtrekk har asjkenazím vore nekta innreise og busetting i Norge frå 1600-talet og fram til 1814, med enkelte periodar der innreise (men ikkje busetting) let seg gjera med leidebrev. Sefardím hadde derimot for det meste innreise- og bustadsrett före 1814, men svært få benytta seg av det.
Frå 1814 av var det totalt innreiseförbod for alle jødar. Sefardím fikk bekrefta innreise- og busettingsretten av den norske høgsteretten att i 1844, men asjkenazím fikk ikkje innreise- og bustadsrett føre grunnlovsendringa i 1851.
Sidan slutten av 1800-talet har det eksistert jødiske trussamfunn i Oslo og Trondheim. På første halvdelen av 1900-talet var det småe jødiske samfunn i byar som Bergen, Drammen og Kristiansund òg, men desse samfunna vart stort sett lagt øyde under andre verdskrigen med nazistane sin deportasjon av norske jødar i 1942 til dødsleirane i Auschwitz.
I dag er jødar offisielt definert som nasjonal minoritet i Norge.
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |