Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim
| DMT Trondheim | ||
|
St. Jørgensveita 7, Trondheim | ||
| Generelt | ||
| Gruppe: | asjkenazisk | |
| Bygd: | Okjent | |
| Innvigd: | 1899 | |
| Opphørt: | 1924 | |
| Arkitektur | ||
| Teknikk: | mura i teglstein | |
| Materiale: | teglstein, tre | |
| Esnogarommet | ||
Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. På bildet som finst derifrå ser vi at benkene alle snur framover, og at bimen (tebáen) er ein del av plattforma fremst i rommet, rett under or’n keides (Hekhál). Denna måten å plassere bimen på er typisk for nyare asjkenaziske synagogar — særleg blant progressive og masorti menigheiter.
Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker. Bygninga finst stadig og fungerer no som bolighus.