Marie Henriques
Marie Henriques (fødd 26. juni 1866 på Petershøj i Klampenborg i Danmark; død 12. januar 1944 på Montebello i Helsingør i Danmark) var ein dansk portugisarjødisk målar.[1]
Marie Henriques var dotter av vekselmeklar Martin Henriques og Therese Abrahamson.
På 3-årsdagen sin i 1869 fikk ho ei bildebok av H.C. Andersen. Bildeboka vart selt i 2017 gjennom Bruun Rasmussen Kunstauktioner til ein utanlandsk kjøpar, og med ein salspris på 2,9 millionar kroner sette boka dansk auksjonsrekord for eit verk av forfattaren.[2] Etter at bildeboka hadde vorte seld, nedla Kulturværdiudvalget eksportforbod, og med donasjon frå Augustinus Fonden og Slots- og Kulturstyrelsen vart ho kjøpt tilbake. Boka vart så overdregen til Odense Bys Museer.[3]
Marie Henriques tok privattimar tre vintrar hos Frants Henningsen. I 1888 bekosta faren eit halvt års opphald i Paris, kor ho hadde timar den belgisk-franske målaren Alfred Stevens, den norske målaren Christian Krohg og den franske målaren Othon Friesz. Same året oppretta det danske Kunstakademiet endeleg Kunstakademiets Kunstskole for Kvinder, og ho vart elev i det første kullet der med Viggo Johansen som lærar. Ho fullførte studia der i 1893.[1]
Marie Henriques delte kunstnartalentet sitt med farbrørne Nathan, Sally og Samuel Henriques og med broren, den åtte år eldre musikaren og forfattaren Robert Henriques. Dei første åra måla ho naturalistisk, men i Paris vart ho sterkt påverka av impresjonistane.
På Skagen fann ho eit forbilde i Anna Ancher. Henriques fikk mykje anerkjenning for ei rekke akvarellar og fargelitografi, dels etter arkitektur, dels etter polykrome arkaiske og andre skulpturar etter inngåande studium i Hellas. På oppfordring frå det greske kulturministeriet måla ho ei rekke akvarellar til den arkeologiske utstillinga i Roma i 1911. Andre av arbeida hennar er innkjøpt av museum i Kassel og Wien samt i heimlandet Danmark, bl.a. Institut for Arkæologi og Etnologi ved Københavns Universitet og Den Kongelige Afstøbningssamling. For den sistnemnte fargela ho dessutan fleire avstøypingar av arkaiske greske skulpturar etter den originalt bevarte pigmentrestar i 1913. På sine eldre dagar fikk Henriques' landskap eit hint av kubistisk formspråk som viser vidareutvikling gjennom heile målarkarrieren.[1]
I 1916 var Marie Henriques med og stifta Kvindelige Kunstneres Samfund.[4] Ho satt i styret til 1935. 1932-34 var ho medlem av Akademiraadet og 1935-37 medlem av styret for Kunstforeningen. Dessutan var ho medlem av Ny Carlsberg Museumslegat og Akademiets representant i Henriette Melchiors Stiftelse.
Kunstnernes Statsunderstøttede Croquisskole vart stifta i 1918 på initiativ av Kvindelige Kunstneres Samfund,[5] med Anne Marie Carl-Nielsen og Marie Henriques som iinitiativtakarar saman med representantar for andre kunstnarorganisasjonar.
Marie Henriques gifta seg aldri. På sine gamle dagar vart Henriques lettare dement, så da jødeforfølginga sette inn i Danmark hausten 1943, fann familien det klokast å «gjømme» henne på kuranstalten Montebello i Helsingør, kor ho døydde i den 12. januar 1944. Ho er gravlagt på Mosaisk Vestre Begravelsesplads i København.
Bildegalleri
Marie Henriques
Marie Henriques sommaren 1943 på kuranstalten Montebello i Helsingør, kor hun døydde 12. januar 1944.
Verk av Marie Henriques
Prisar og utmerkingar
- 1928 Officier de l'Académie
- 1934 Tagea Brandts Rejselegat
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Marie Henriques på Kunstindeks Danmark/Weilbachs Kunstnerleksikon av Lise Svanholm.
- ↑ Mal:Cite news
- ↑ Mal:Cite news
- ↑ Marie Laulund "Pionergenerationen - da Kvindelige Kunstneres Samfund blev til", s. 29 i antologien 100 års øjeblikke - Kvindelige Kunstneres Samfund. Saxo 2014. ISBN 978-87-7081-041-8
- ↑ Hanne Abildgaard "Kunstnernes Statsunderstøttede Croquisskole - baggrund, start og tidlige år 1918-1943". Onlineartikel: https://kks-kunst.dk/arkivet Mal:Webarchive
Lenkjer
Mal:Dansk Kvindebiografisk Leksikon
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |