Robert Henriques
Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914 på Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques.
I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Etter heimkomsten opptredde han som solist og tok aktivt del i musikklivet i København bl.a. som medstiftar av foreningane G-Dur og Symphonia og i nokre år som dirigent for Akademisk orkester. I 1887 fikk han Det anckerske Legat.
Etter at han fikk avslag på ein søknad til ei cellist-stilling i Det Kongelige Kapel i slutten av 1880-åra, slutta han å komponere, og i staden vart han ein innflytelsesrik skribent i musikklivet i København. Han var musikkanmeldar for fleire aviser og heldt ein temmeleg skarp men velunderbygd tone i artiklane sine.
Musikk
- op. 2 Akvareller (orkestersuite – Gnomentanz)
- op. 5 Tre charakterstykker (cello og klaver)
- op. 8 Tre Melodier i Moll til Texter af John Paulsens
- op. 9 Lose Blätter (klaver)
- op. 10 Tarantelle (cello og orkester/klaver)
- op. 11 Miniatures (kaver)
- op. 12 Sange
- op. 15 Pastels (klaver)
- op. 16 Suite for obo og orkester
- op. 18 I Ny og Næ (sange)
- op. 21 Illustration
- op. 22 Tre melodier (sange af Ludvig Holstein)
- op. 23 Dæmpede Melodier (cello?)
- Olaf Trygvason (orkester)
- Pierrette (klaver)
- Grænsefolk (skuespil 1897)
- Sang for Kvindelig Fremskridtsforening
- Viser om dyrehaven
- Sange om Danmark
Kjelder m.m
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |
Eksterne lenkjer
- «Robert Henriques» i Dansk Forfatterleksikon
- Mal:Gravsted.dk navn