Sally Henriques
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques.
Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (1771–1846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (1785–1857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. I 1840–41 og 1843–45 stilte han ut på Charlottenborg Forårsudstilling — mest arkitekturbilde, men figurbilde og portrett òg. Det sist utstilte arbeidet hans, «Parti af Højbro Plads» vart innkjøpt til Den Kongelige Malerisamling. I 1842 var Henriques medstiftar i 1842 av Kunstnerforeningen af 18. November.
Seinare tok han borgarskap som målarmeister og arbeidde med dekorasjonsmåleri i Liepmann Fraenckels tapetfabrikk, inntil han tok over ein antikvitetshandel etter broren Samuel i 1849. Snart etter gifta han seg med Rose Jacobsen (1830–1891), dotter av glashandlar Marcus Juda Jacobsen (1788–1864) og Hanne f. Goldschmidt (1790–1871). Sally Henriques døydde den 29. april 1886. Han er gravlagt på Mosaisk Nordre Begravelsesplads.
Verka til Henriques har seinare vorte utstilt på Raadhusudstillingen i København 1901; Danske jødiske Kunstnere, København 1908; Kunstnerforeningen af 18. November si utstilling 1942, Thorvaldsens Museum 1992–93; De ukendte guldaldermalere, Kunstforeningen, København 1982; C.W. Eckersberg og hans elever, Statens Museum for Kunst, 1983 og Indenfor murene, Kunstforeningen, København 1984-85.
Verk
- «Landskab» (1839, tidlegare i Johan Hansens samling)
- «Udsigt fra Holcks Bastion» (1839, Københavns Museum, tidlegare i Johan Hansens samling)
- «Gården til Amagertorv 6» (Københavns Museum)
- «Parti fra Dyvekes Gård på Amagertorv» (utstilt 1840)
- «Modelstudie af en matros» (1840, Thorvaldsens Museum)
- «En Amagerkone» (utstilt 1841)
- «En ung pige overrasker sin kæreste i færd med at skrive til hende» (utstilt 1841)
- «Den svenske kirke i Malmø» (utstilt 1843)
- «Parti af det indre af Sønderborg Kirke» (utstilt 1844, selt på Frederik VIIs auksjon 1864)
- «Parti fra Højbro Plads» (1844, Statens Museum for Kunst, deponert på Københavns Museum)
- Portrett av miniatyrmålaren Liepmann Fraenckel (1843, Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slot)
- Dessutan ein del litografi
Galleri
Kjelder
Mal:Commonscat Mal:Den danske guldalder Mal:FD Mal:Autoritetsdata
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |