Ṣiṣít
Frå Esnoga.no
Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣiyyót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal).
Tekhélet
Fram til 800-talet hadde ṣiṣiyyót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣiyyót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣiyyót. Etter karaittisk jødedom kan kva blått fargestoff som helst som er lys- og vaskeekte bli bruka til tekhélet. To mindre grupper av rabbinske jødar brukar i dag tekhélet i sine ṣiṣiyyót, men båe dei to variantane er sterkt omstridde.