Vaflar

Frå Esnoga.no
Belgisk vaffel frå Brussel.
David Monniaux (2004)

Ei vaffel (fleirtal: vaflar), òg kalla bakels (Nordmør, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør) og raffelkaku (Trøndelag), er ei tjukkvorda, oftast noko luftig, pannekake som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Vaflar kan vara rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange plassar i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire til seks hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar). Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.

Langskafta bakelsjarn frå Nordmør. De lange handtaka gjer at ein kan steikje vaflane i gruva. (Foto: Olve Utne)
Innsida av eldre, langskafta bakelsjarn frå Nordmør. Legg merke til den firkanta forma. (Foto: Olve Utne)

Oppskrifter

Bakels (vaflar) frå Nordmør

Ingrediensar (4-5 porsjonar)

   1 l   mjølk 
   4     egg 
ca 7 dl  mjøl 
(  1 dl  sukker) 

Framgangsmåte

Bland alt. Lat røra svelle minst ein halvtime. Steik i rundt vaffeljarn med hjarteform. For å få sprøe vaflar, legg dem på metallrist. Mjuke vaflar får vi med å legge dem oppå kvarandre.

Til kvardags serverer vi gjerne vaflane varme med ekte smör, brunost og syltetøy. For meir høgtidelige anledningar serverer vi gjerne òg graut som pålegg til vaflane — för eksempel smörgraut, rømmegraut, mølsgraut eller risgraut.

Pekarar