Zalman Schachter-Shalomi

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 22. januar 2022 kl. 20:56 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Reb Zalman Schachter-Shalomi
Foto: Edis Jurcys, 2005

Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det daverande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla.

Liv

Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det daverande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.

Den varierte bakgrunnen til Schachter-Shalomi inkluderer bruk av psykedeliske stoff med Timothy Leary, psykologistudium ved Boston University med Howard Thurmann som rettleiar, undervisning av mange studentar som er aktive jødiske feministar og hans eiga tru på gaiahypotesen. Fornyingane hans i den jødiske gudstenesta (ikkje avgrensa til Jewish Renewal-rørsla) inkluderer synging av bøner på engelsk til melodi av den tilhørande hebraiske kantillasjonen; involvering av forsamlinga i teologisk dialog, leiing av meditasjon under gudstenestene og innføring av spontan rørsle og dans.

Verk

Undervisning

Schachter-Shalomi har bl.a. undervist ved Reconstructionist Rabbinical College, Omega, NICABM og fleire andre større institusjonar. Han var professor emeritus ved Temple University i Philadelphia i Pennsylvania og World Wisdom Chair ved The Naropa Institute. Som grunnleggar av ALEPH: Alliance for Jewish Renewal og ALEPH Ordination Program spela han ein sentral rolle i Jewish Renewal-rørsla og presenterte der den sentrale læra frå ḥasidisme og kabbalá på eit samtidig, tilgjengeleg og hjarteleg vis som har ført med seg ei praksisbasert opptaking av slike ein gong skydde element i reformjødedom, rekonstruksjonistisk jødedom og konservativ jødedom. Han har skrive over 150 artiklar, bøker og monografiar om jødisk åndeleg liv (sjå [1] og [2]) og ordinert over 80 rabbinarar og ḥazzaním (kantorar) som fungerer som forrettarar og lærarar i alle retningar av jødedommen.

Schachter-Shalomi oppmuntra til mangfald blant studentane sine og insisterte på at dei burde integrere talenta sine, visjonane, syna og dei sosiale verdiane sine i det djupe studiet av og utøvinga av jødedommen. Denne kraftgjevande tilnærminga har ført med seg ein eksplosjon av jødisk rituell kunst, ny jødisk musikk og nyskapande/nye jødiske ritual — og til at han sjølv har endra ståstad til [empowering] og inkludering av kvinner i jødiske rollar som framleis er utelukkande reservert for menn i mesta alle former av ortodoks jødedom. Rettferdigheitsarbeidet hans har vore viktig i prosessen med å inkludere homofile i jødiske bryllaupsritual og ordineringsprogram. Han tilbaud òg ein utfyllande hermeneutikk til klassiske tilnærmingar til halakhá (jødisk religiøs lov) som han kalla psykohalakhá. Ein underkategori av psykohalakháen er prinsippa og praksisen for økokasjrút.

Arbeidet hans Spiritual Intimacy, resultatet av studia hans av det åndelege rettleiingssystemet i Ḥabad-rørsla som førte til ein Ph.D.-grad ved Hebrew Union College, førte til at han oppmuntra studentane sine til eit breitt studium innanfor området åndeleg rettleiing og å fornye eksisterande, samtidige system med målet å fornye ei sunn åndelegheit og ein sunt gudsband i jødisk liv. Han har òg vore ein føregangsmann på området «åndeleg aldring» — ein praksis der han arbeidde med andre eldre med å hjelpe dei å takle aldringa på åndeleg vis og å verke som rettleiarar for yngre vaksne.

Forfattarskap

Schachter-Shalomi produserte eit stort tal artiklar, bøker og lydkassettar. Den homiletiske stilen hans var prega av frie assosiasjonar, eit typisk trekk for rabbinarar med ḥasidisk utdanning, og den hyppige bruken hans av psykologisk terminologi og datametaforar blir sett pris på av dei fleste som les skriftene hans for første gong. Utgjevingane hans inkluderte dei åndelege praksishandbøkene Jewish with Feeling: a guide to Meaningful Jewish Practice (skrive saman med Joel Segel), The First Step (med Donald Gropman, 1983) og Gate to the Heart (1993).

Schachter-Shalomi si utvikling frå tradisjonell Ḥabad-filosofi til jødisk fornying ser vi i samlingane hans av essay og førelesningar, Paradigm Shift (red. Ellen Singer, 1993) og Wrapped in a Holy Flame (red. Nataniel Miles-Yepez, 2003). From Age-ing to Sage-ing (med Ronald Miller, 1995) gjev eit grunnriss av arbeidet hans med «åndeleg aldring». Spiritual Intimacy er verket hans om ḥasidiske åndelege rettleiingsteknikkar, og The Dream Assembly er ei samling av historier han har skrive.

Pekarar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon