Skilnad mellom versjonar av «Yiṣḥák Alfassi»

Frå Esnoga.no
s (Olve Utne flytte sida Jiṣ’ḥák Alfassi til Yiṣḥák Alfassi)
(Ingen skilnad)

Versjonen frå 5. desember 2022 kl. 00:05

Rebbí Yiṣ’ḥák ben Yàʕakób hakkohén Alfassi (10131103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Yiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen.

Biografi

Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Yaʕakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Dei grunnla ein yesjibá (eit Torá-akademi) i namnet hans òg, og mange studentar kom reisande frå heile Marokko for å studere under honom. Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart verande i Fez i 40 år og fullførte Sefer hahalakhót i løpet av tida si der. Etterkvart vart han kjent under namnet Alfassi, som er arabisk for ‘frå Fez’;. Tilnamnet RIF kjem frå «Rebbí Yiṣ’ḥak alFassi».

I 1088 vart han rapportert til styresmaktene av ukjente grunnar. Han fór frå Fez og flykta til Spania, der han vart utnemnt til leiar for yesjibáen i Lucena i 1089.

Yiṣ’ḥák Alfassi døydde kring 90 år gammal i 1103.

På sett og vis kan ein seie at Yiṣ’ḥák Alfassi var avslutninga på den geoniske perioden. Den siste av dei babylonske geoním, Ḥai gaón, dødde da Alfassi var 25 år gammal. Alfassi sjølv vart kalla «gaón» av fleire tidlege halakhiske autoritetar. Den mest kjente av studentane hans var Yehudá halleví.

Verk

Séfer hahalakhót

Séfer hahalakhót utleier alle dei klåre lovavgjerslene frå dei tre Talmúd-voluma Séder Moʕéd, Séder Nasjím og Séder Nezikín i tillegg til enkelttraktatane Berakhót (ein del av Séder Zeraʕím) og Ḥullín (ein del av Séder Kodasjím). Alfassi transkriberte dei halakhiske konklusjonane frå Talmúd ordrett, utan dei kringliggjande drøftingane, og han utelet òg alt aggadisk materiale. Dette verket vart spreidd i avskrifter føre tida til Rashi og andre kommentatorar og førte med seg ei djuptgripande endring i studiepraksisen til samtidige og seinare jødar: Med Séfer hahalakhót vart det elles svært tunglesne Talmúd bablí gjort tilgjengeleg for vanlege folk. Boka Séfer hahalakhót vart snart kjent under tilnamnet «Talmúd katán» (‘litle-Talmúd’). Ho blir òg kalla «Hilkhót RIF», eller ‘RIF sine halakhót’.

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Isaac Alfasi from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.