Vaflar av sandkakedeig

Frå Esnoga.no

Vaflar av sandkakedeig er ein type harde vaflar som ikkje inneheld mjøl av dei fem kornslaga. Vaflar av sandkakedeig er dermed god festmat for cøliaki, og dessutan god festmat for pesaḥ om ein passar på å bruke kasjér vin og om dei blir steikte i eit vaffeljarn som er kasjér for pesaḥ.

Oppskrifter

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

250 g  smør
  6    egg
250 g  sukker
350 g  potetmjøl
  1    knivsodd hjortesalt
  2 ts vin

Framgangsmåte:

Smelt smøret, ha i eggeplommane og sukkeret. Rør godt så massa blir jamn. Ha så i potetmjølet og hjortsaltet som er utrørt i vin. Rør deigen ein halv time i éi retning. Ha så i dei stivpiska eggekvitane. Steik kakene i vaffeljarn med ein gong.