Tu bisjbát

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 19. mai 2021 kl. 12:40 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Oliventre i Bela Vista i Lisboa i Portugal.

Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen til trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han føre etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Ein drikk 4 beger vin og et av minst 15 ulike slag frukt medan ein syng songar og fortel historier som passar til dagen. Ei av dei tradisjonelle historiene som gjerne blir fortelt på 15. sjebát er historia om Honí Hammengagél. Sederen vart tilbakedatert til det sefardisk/kabbalistiske Ṣefát (Safed) på 1500-talet, men har altså først og fremst asjkenaziske røter. I vår tid blir det gjerne lagt stor vekt på det økologiske aspektet.

Pekarar