Tradisjonell-egalitær jødedom

Frå Esnoga.no


Jødiske retningar

ortodoks

  • ḥaredisk
    • misnagdisk
    • ḥasidisk
    • mizraḥisk-
      ḥaredisk
  • moderne-ortodoks
    • sentristisk
    • feministisk/open-ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

  • konservativ (Amer.)
  • neolog (Ungarn)

rekonstruksjonistisk
progressiv

  • britisk reform
  • tysk-amerikansk

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Women of the Wall under ei gudsteneste ved Kotel ha maʕarib (Vestmuren, òg kalla «Klagemuren» av somme, i Jerusalem).
Yochi Rappeport (2016)

Nemninga tradisjonell-egalitær jødedom viser til ein jødisk filosofi og praksis som byggjer på dei tradisjonelle jødiske rituala og tekstane, og som samtidig legg vekt på at kvinner og menn skal ha tilgang til dei same rituelle funksjonane innanfor dette rammeverket. «Tradisjonell-egalitær jødedom blir ofte sett på som i varierande grad overlappande med open-ortodoks jødedom, masorti jødedom, amerikansk konservativ jødedom, ḥaburárørsla og med den tradisjonelle fløya av rekonstruksjonistisk jødedom.