Talmúd yerusjalmí

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 25. april 2021 kl. 23:56 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (3 versjonar)

Talmúd jerusjalmí, òg kalla Den jerusalemske Talmud, Talmúd Ereṣ Jisraelí, Den israelske Talmúd og Den palestinske Talmud, er eit kommentarverk til Misjná som vart samla og redigert kring år 350 i Galilea i det historiske Israel (den daverande romerske provinsen Palæstina). Talmúd jerusjalmí skil seg ut frå Talmúd bablí ved vekta på landbrukslovane, ved ei noko mindre stoffmengd alt i alt, ved den ofte svært kortfatta uttrykksmåten og ved ei meir ofullstendig overlevering.

Talmúd jerusjalmí har vorte noko mindre studert enn Talmúd bablí og har vorte rekna som noko mindre viktig av de fleste rabbinske autoritetane — men særleg blant romaniotes (greske jødar) har Talmúd jerusjalmí vorte inngåande studert. Blant rabbinske autoritetar frå andre tradisjonar som har lagt stor vekt på Talmúd jerusjalmí kan først og fremst nemnast den sefardiske filosofen Mosjé ben Maimón (Moses Maimonides).

Innhald

Talmúd jerusjalmí inneheld, i motsetning til Talmúd bablí, kommentarar til alle massekhtót (traktatar) i Seder Zerangím. Med unntak av Massékhet Berakhót, som handlar om velsigningar og bøner, handlar Séder Zerangím om landbrukslovar — noko som var svært sentralt i det tradisjonelle landbrukssamfunnet i Israel. Derimot har Jerusjalmí berre éin massékhet av heile Seder Tahorót, som handlar om rituell reinheit. Seder Kódasjím, som handlar om Tempelet i Jerusalem er heilt fråverande frå Jerusjalmí; truleg har de orolege forholda i Israel ført til at de ikkje kunne ta seg tid til å skrive om ting som ikkje var direkte nyttige i kvardagen etter at Tempelet fall i år 70 evt.

Språk

Jerusjalmí er skrive på ei blanding av hebraisk og sterkt hebraisk-farga vest-arameisk.

Pekarar


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Yerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zeraʕím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kiláyim · Sjebiʕít · Terumót · Maʕasrót · Maʕasér sjení · Ḥallá · ʕOrlá · Bikkurím ·

Seder Moʕéd (høgtid):

Sjabbát · ʕErubín · Pesaḥím · Sjekalím · Yomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Taʕanít · Megillá · Moʕéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Yebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣiʕá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebuʕót · ʕEduyyót · ʕAbodá zará · Abót · Horayót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · ʕArakhín · Temurá · Keritót · Meʕilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negaʕím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Yadájim · ʕOkaṣín