Tallét

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 28. februar 2022 kl. 03:03 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (→‎Tekhélet)
Isaac Lopez (17801854) med tallét. Litografi etter måleri av Isaac Mendes Belisario.

Ein tallét, fleirtal talletót, (hebr. טַלֵּית [ṭallēt] (klassisk), טְלִית [ṭəlīθ] (jemenittisk) el. טַלִּית [ṭallīt] (moderne israelsk)) er eit jødisk bønesjal med ein spesiell dusk, ṣiṣít, i kvart av de fire hjørna.

Bakgrunn

I Sjemáng Jisraél-avsnittet av den jødiske gudstjenesta les vi blant anna:[1]

ויאמר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל ואמרת אלהם ועשו להם ציצת על־כנפי בגדיהם ונתנו על־ציצת הכנף פתיל תכלת׃ והיה לכם לציצת וראיתם אתו וזכרתם את־כל־מצות ה׳ ועשיתם אתם ולא־תתורו אחרי לבבכם ואחריעיניכם אשר־אתם זנים אחריהם׃ למען תזכרו ועשיתם את־כל־מצותי והייתם קדשים לאלהיכם׃ אני ה׳ אלהיכם אשר הוצאתי אתכם מארץ מצרים להיות לכם לאלהים אני ה׳ אלהיכם׃

37 Og ADONÁI tala åt Mosjé og sa: 38 Tal åt Israels born og fortel Mal:Dem at dei skal laga seg duskar (ציצת, ṣiṣít) i hjørna av kleda sine i ættene sine, og de skal gjeva til hjørneduskane ein tråd av blått (תכלת, tekhélet). 39 Og de skal vera for dokker til duskar, og de kan sjå han og komma i hug alle boda (מצות, miṣvót) åt ADONÁI, og gjera Mal:Dem — og ikkje søkje etter hjarta dokkers og etter augo dokkers, som forfører dokker etter seg — 40 så at de kan komma i hug, og gjera Mal:Dem, alle boda Mine; og de skal vera heilage for Guden dokkers. 41 Eg er ADONÁI, Guden dokkers, som førte dokker ut av Egypt for å vera Gud for dokker; Eg er ADONÁI, Guden dokkers.

Dette gjev seg uttrykk i to klesplagg som enno blir bruka: árbang kanfót (el. tallét ketanná), som liknar ein liten poncho med duskar (ṣiṣít) i dei fire hjørna, og tallét (gedolá), eller bønesjal.

Framstilling

Sefardiske ṣiṣiyyót med tekhélet (ein blå tråd) og 10+5+6+5 viklingar med ein enkel knute i kvart omfar.
Foto:Olve Utne

Fargebruk

Grunnfargen i ṣiṣít er vanlegvis kvitt.

Tekhélet

Opprinneleg skulle det vera ein tråd av tekhélet (blått/indigo) i duskane (4. mosebok, kap. 15, v. 38), men sidan ein på eit tidspunkt slutta å produsere dette fargestoffet, så brukar ein mesta alltid berre kvite trådar i dag. Dei blåe stripene ein ofte ser på talletót er tenkt å symbolisere tekhélet. Sidan ein del i dag reknar forsøk på å halde bodet om tekhélet som ulovleg, ettersom vi ikkje veit 100 % sikkert korleis tekhélet vart laga, har somme grupper ofte svarte striper i staden for blåe i sjølve talléten.

I dei siste åra har det vorte funne ein metode for å utvinne fargestoff for blått frå Murex trunculus. Eit stadig aukande tal ḥakhamím/rabbinarar og andre reknar dette som korrekt framstilt tekhélet, og bruk av tekhélet frå denne kjelda er i ferd med å bli ganske vanleg.

Korleis knyter vi ṣiṣít?

Når vi knyter ṣiṣít, så består «kjernen» av lange trådar (snorer), som helst er laga av ull. Desse trådane (sju av dei) blir sikra av ein lengre tråd (den åttande) som blir vikla kring dei andre og knytt på visse måtar. Vi grupperer knutane ved at vi legg ein eller to ekstra knutar/dobbeltknutar etter dei.

10 + 5 + 6 + 5

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar, osmanske sefardím og portugisarjødar. Grupperinga av knutar symboliserer det heilage Namnet — tala 10, 5, 6 og 5 svarar til dei numeriske verdiane av dei fire hebraiske bokstavane i Namnet: י (jód = 10), og ה (hé = 5), og ו (vav = 6), og ה (hé = 5).

7 + 8 + 11 + 13

Denne grupperinga er vanleg blant syriske jødar frå Damaskus, marokkanske jødar og asjkenazím.

Bruk

Kven brukar tallét?

Abudayabøn i Putti i Uganda.
Moshe Cohen (2012)

Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:

Gifte jødiske menn

Alle sefardiske og asjkenaziske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.

Ugifte jødiske menn og gutar over 13 år

I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet er dette vorte vanleg i mange moderne asjkenaziske menigheiter òg.

Jødiske gutar under 13 år

I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handtere talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå kring fem- til sjuårsalderen.

Jødiske kvinner og jenter

Kvinner i Women of the Wall under gudsteneste.
Michal Patelle (2013)

Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:

  1. Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
  2. Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Jisraél Jangakób Alghazi (risjón leṢijjón ca. 1749/1755–1757) og sonen hans, Yom Tob Alghazi (risjón leṢijjón 1772–1802).
  3. Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinner seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam (Jangakób ben Meír, 11001171, Nordaust-Frankrike), Sjelomó ben Abrahám ibn Aderet (Barcelona, 12351310).
  4. Tillate, men kvinner seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Rambam.
  5. Forbode for kvinner: Utbreidd syn i nyare asjkenazisk-ortodokse kretsar.

Ikkje-jødiske kvinner og menn

Rabbinsk jødedom frårår bruk av tallét for ikkje-jødar.

Kva tid brukar vi tallét?

Talléten blir bruka under bøn, hovudsakleg om morgonen og i mindre grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.

Talléten blir brukt av menigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell miṣvá — som for eksempel ngalijjá. I ein del esnogas bruker alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På kippúr bruker menigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst temaním (jemenittiske jødar) — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.

Skikken varierer for den som leiar gudstenesta: I somme menigheiter følgjer leiaren den same skikken som menigheita, og i andre menigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.

Karaím

Tallét med karaittiske ṣiṣijjót.
Evi Horowitz (2012)

Sjomerím

Den samaritanske kohén gadól.
Flavio Grynszpan (2012)

Ordet tallét

Opphav

Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jfr. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).

Skrivemåtar

Fotnotar

  1. 4. mosebok, kap. 15, v. 37–41.

Sjå òg


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkene) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (taled, tallit, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (kalott) · mezuzá (dørkarm) ·