Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim

Frå Esnoga.no
DMT Trondheim
Synagogue, St. Jorgensveita, Trondheim.gif

St. Jørgensveita 7, Trondheim

Generelt


Gruppe:  asjkenazisk
Bygd:  Okjent
Innvigd:  1899
Opphørt:  1924
Arkitektur
Teknikk:  mura i teglstein
Materiale:  teglstein, tre
Esnogarommet
St. Jørgensveita i Trondheim.
Olve Utne (2008)

Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim låg i loftsetasjen i St. Jørgensveita 7 og vart innvigd som den første synagogen i Trondheim i 1899. På bildet som finst derifrå ser vi at benkene alle snur framover, og at bimen (tebáen) er ein del av plattforma fremst i rommet, rett under or’n keides (Hekhál). Denna måten å plassere bimen på er typisk for nyare asjkenaziske synagogar — særleg blant progressive og masorti menigheiter.

Parókhet (arkforheng) frå synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim, datert 5670 (1910). Parókheten vart attfunnen i 2009 og er no utstilt i Det jødiske museum i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Synagogen var i bruk fram til den novarande synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim vart innvigd i oktober 1925. Ein del av inventaret frå synagogen i St. Jørgensveita 7 finst i dag i den nye synagogen — blant anna arka, sjulḥánen (lesepulten) og eit par benker. Bygninga finst stadig og fungerer no som bolighus.

Kjeldor

Mal:Q1