Sukká

Frå Esnoga.no
For Talmúdtraktaten med same namn, sjå massékhet Sukká.

Portugisarjødisk cabaña (sukká) i Nederland tidleg på 1700-talet.

Ein sukká (hebr. סֻכָּה el. סוּכָּה; Mal:Pl סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת sukkót) eller ein cabaña (kastiljansk), ofte kalla lauvhyttenorsk, er ei hytte som blir oppsett kvart år mellom kippúr og sukkót til bruk under den jødiske haustfesten sukkót, som òg blir kalla lauvhyttefesten på norsk.

I utgangspunktet seier halakhá at ein skal eta og sova i sukkáen anna enn om forholda er svært vanskelege. I det ofte kalde og/eller regnvåte haustvêret i Nord-Europa, Canada og nordlege deler av USA er den vanlegaste skikken å prøve å eta minst eitt måltid i sukkáen kvar dag så lenge sukkót varer.

Typar

Samaritansk

I samaritanske sukkót er taket heilt dekt av frukter. På grunn av mange hundre års forfølging frå muslimske naboar blir ikkje lenger samaritanske sukkót oppsett ute i friluft, men blir bygd innandørs i staden.

Rabbinsk

Rabbinske sukkót med sekhákh av bambus i Jerusjaláim.
Foto: Effi B.

Rabbinske sukkót blir alltid oppsett ute i friluft, og dei blir bygd slik at det kan regne inn. Somme seier òg at ein skal kunna sjå stjernene på nattehimmelen gjennom taket. Det glisne takdekket, sekhákh, består gjerne av nyskorne palmegreiner i Ereṣ Jisraél og elles kring Middelhavet, og av greiner av lauv- eller bartre i Nord-Europa. Enkelte brukar bambus til sekhákh òg.

Berakhót

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לִישֵׁב בַּסּוּכָּה׃

Signa er du, ADONÁI vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda dine og baud oss å sitta i sukkáen.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu lisjéb bassukká.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y nos encomendó, para estar en sucá.


Første gongen vi sitt og et i sukkáen seier vi sjeheḥejánu:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃

Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denna tida.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé.

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este.