Sukat
|
Ekte sukatar (gjennom fransk succade frå italiensk succada) er småe terningar av salta, gjæra og kandisert albedo av etróg (søtsitron, Citrus medica). I krigsgenerasjonen blir ofte sukat bruka som tilsetting i kringleer og julekake. I Norge blir sukatar produsert av Freia, som no blir eigd av det multinasjonale selskapet Kraft Foods. Ein billigare, men mindre velsmakande variant av sukat blir laga av graskar i staden for etróg.
Ordet sukat
Det finst fleire ulike hypotesar om namnet «sukat», som heiter succade på engelsk, sukade på nederlandsk og stundom Succade/Sukkade (men oftare Zitronat i moderne tid) på tysk. Ein hypotese er at namnet kjem frå latin succidus. Andre hypotesar er at namnet har opphav i arabisk سكر (/sukkar/, ‘sukker’). Den tredje hypotesen sett namnet i samband med hebraisk סֻכָּה (/sukkā/, ‘hytte’), ettersom frukta etróg, som sukatar blir produsert frå, blir bruka under den jødiske høgtida sukkót (lauvhyttefesten).
Framstilling
Etrógane blir først delt i to og fruktkjøttet fjerna. Ytterskalet og albedoen (mellomskalet) blir så lagt i sjøvatn eller salta vatn for å gjære i kring 40 dagar. Saltlaken blir skifta kvar 14. dag. Til slutt blir skalet skylt og lagt i sterkare lake i tynner for lagring og eksport. Etter utvatning og koking for å mjukne skalet, blir det kandisert i sterk sukkerlake. Denne prosessen mettar opp skalet med sukker og hindrar framvekst av uønska mikroorganismar.[1] Det kandiserte skalet blir så soltørka eller lagt på glass for seinare bruk. Kandisering av ekte sukatar skjer først og fremst i England, Frankrike og USA.[2] [3]
Bruk
Sukatar blir oftast bruka i ulike sortar bakverk — ofte i kombinasjon med rosiner, korinter eller annan tørka frukt. I Skandinavia blir sukatar tradisjonelt særleg bruka i kringler og julekake. Elles i verda blir sukatar blant anna bruka i oliebollen, ontbijtkoek, fruktkake og plumpudding.
Fotnotar
Sjå òg
This article is based entirely or in part on the article “Succade” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |