Sjofár

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. februar 2022 kl. 23:36 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utanom desse dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Asjkenazím blæs tradisjonelt på sjofáren kvar dag gjennom heile månaden elúl anna enn på sjabbát.

Sjofársignal etter sefardisk tradisjon. (Kjelde: Jewish Encyclopedia)
Jemenittisk sjofár av kuduhorn. (Foto: Olve Utne)
Liten asjkenazisk sjofár. (Foto: Olve Utne)

Ulike typar horn blir bruka i ulike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím bruker oftast dei relativt korte horna av vêr (bekre, sauebukk); Italienske jødar og ein del sefardím bruker òg geitebukk. Témaním (jemenittiske jødar) bruker derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant spanske og portugisiske jødar er det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt ein del bruka.