Sjeḥitá

Frå Esnoga.no
Fil:Schect.jpg
Illustrasjon frå 1400-talet av sjeḥitá.

Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]), i asjkenaziske samanhengar ofte kalla schächting (gjenom tysk frå jid. שׁעכטן shechtn), vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdana sjoḥét.

Dyra skal vera friske og uskadde føre slaktinga finn stad. Slaktemåten liknar mykje på dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg har sjeḥitá fellestrekk med det ein finn såvel blant tradisjonelle reindriftssamar som blant tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Det er såleis ein tradisjon med djupe band til skandinavisk kultur heller enn eit framandelement.

To hensyn er avgjerande for kossen sjeḥitá blir utført: Forbodet mot å eta blod og respekten for alt liv.

Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, da vil eg vende meg mot den mannen og rydje han ut av folket sitt. For livet åt ein skapning er i blodet, og eg har gjeve dokker blodet på altaret til soning for dokker. Blodet sonar fordi at livet er i det. Derfor har eg sagt til israelittane: Ingen av dokker må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dokker, må eta blod.
 
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som de har lov til å eta, skal han la blodet rinne ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Derfor sa eg åt israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut. (3. mos. 17:10–14)

Dei grunnleggande reglane for sjeḥitá er:

  • Vis hensyn: Ein skal ikkje slakte noko dyr med andre dyr til stades.
  • Unngå smerte: Slakting skal berre skje med ein skalpellskarp kniv med heilt glatt blad i eitt enkelt, raskt, beint og djupt snitt over strupen som ikkje riv opp huda eller kjøttet (for å unngå smerte). Alle andre slaktemåtar — slag (inkludert svimeslag), giftinjeksjon, skott, kverking, drukning, kveling og liknande — er strengt forbodne.
  • Raskt medvettstap er viktig: Ein skjer over halspulsåra, luftrøret og matrøret i eitt raskt kutt (for å unngå smerte) — dermed går oksygentilførselen til hjernen veldig raskt ner, og dyret mister medvettet føre smerta når hjernen.
  • Blodet må forlata dyret: Alt blod er totalforbode å eta etter jødisk religion. Etter at dyret har mist medvettet fullstendig, heiser ein gjerne dyret opp etter bakbeina for å late blodet forlata dyret så snart og effektivt som mulig. Merk at dét er fallet for det aller meste av slakting, inkludert i vanlege skandinaviske slakteri.

Da Tempelet i Jerusalem stod, vart blodet av dei dyra (storfe og småfe) som vart ofra der, brent på altaret. Av andre dyr — slik som hjortedyr og anna tahór (reint) vilt — skal ein late blodet rinne rett i jorda att, og ein skal dekkje over blodet med støv eller jord. Dét er òg praksis for storfe og småfe i dag.

For å vera sikker på at alt blodet er ute av kjøttet, må kjøttet saltast og vaskast føre det blir bruka til mat. Det må skje føre 36 timar har gått etter slaktinga, og i alle fall føre ein frys kjøttet. Dét treng ein likevel ikkje å gjera om ein skal grille kjøttet.

Pekarar