Sjabbát

Frå Esnoga.no
Vekkå
søndag
(1. dag)
måndag
(2. dag)
tisdag
(3. dag)
onsdag
(4. dag,
mekkdag)
torsdag
(5. dag)
fredag
(6. dag)
laurdag
(7. dag,
sjabbát)
Pizmónen «Ki esjmerá sjabbát» i ein sefardisk versjon frå London.

Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gjenom gresk σαββάτων), òg kalla sabbá (frå eldre sefardisk hebraisk uttale [sa'ba:ð]) og sjabbes (frå jid. שַׁבּת, shabbes), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske vekka. Sjabbát, som begynner ved solnedgangfredagskvelden og varer til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk. I kristendommen blir ordet sabbat bruka enten i samma tyding som den jødiske sjabbáten eller i tydinga søndag. I samband med trolldomsprosessane frå seinmellomalderen av vart ordet bruka som symbol på anti-kristen religion, og denne førestillinga er vidareført i uttrykket heksesabbat.

Sjabbát i Tenákh

Sjabbát i jødedommen

Fil:Der Samstug (Saturday).jpg
«Der Samstug» (Laurdagen), ca 1800 — gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske asjkenazím utaføre synagogen på sjabbát. Mennerne har typiske sjabbátkledor for sørvest-tyske asjkenazím fram til tidleg på 1800-talet.

Den jødiske sjabbáten begynner ved solnedgang på fredagskvelden og varer til etter solnedgang på laurdagskvelden. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.

Lystenning

Alle typar jødisk og samaritansk religion er einige om at ein ikkje skal gjera opp eld på sjabbát. Eit hovudskilje mellom rabbinsk jødedom på den eine sida og karaittisk jødedom og samaritansk religion på den andre er synet på å behalde eld i samband med sjabbát. Medan samaritanarar og karaittar meiner at eksisterande eld skal sløkkjast føre sjabbát, meiner rabbinske jødar at ein kan tenne eld føre sjabbát og late elden brinne vidare.

Sidan 900-talet veit vi at det har vore minhág blant rabbinske jødar å tenne lys rett føre sjabbát. Desse lysa skal helst tennast i eit rom der folk vil opphalde seg under sjabbáten. Dei skal ikkje sløkkjast medan det er sjabbát, men skal få lov til å brinne ned av seg sjølv.

I samband med at desse to (eller fleire) lysa blir tent, seier vi ein spesiell berakhá. Sefardím seier denne berakháen rett føre lystenninga, medan asjkenazím tenner lysa først og les berakháen etterpå medan de held henderne føre augone.

Berakháen for tenning av sjabbátlysa er:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּֽנוּ לְהַדְלִיק נֵר שֶׁל שַׁבָּת׃

Signa er du, ADONÁI, vår Elohím, herskar over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å tenne lys for sjabbát.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu melekh hangolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík ner sjel sjabbát.

Bendito tu .A. nuestro Dio rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y encomendó para encender candela de Sabat.

«Mizmór sjir lejóm hasjabbát» — tradisjonell melodi for fredag kveld blant portugisarjødar, her i arrangement av Emanuel Aguilar.

Fredagskveldsgudstjenesta

Signing av borna

Kiddúsj lelél sjabbát

Laurdagsmorgongudstjenesta

Under laurdagsmorgongudstjenesta blir tradisjonelt heile parasjáen (vekkoavsnittet av Toráen) med tilhørande haftará (vekkoavsnitt frå Nebiím (Profetane) lesen i synagogen. Sjølve toráavsnittet blir på sjabbáten delt inn i sju deler som blir lesne til kvar sin ngalijjá (oppkalling til Toráen). Denne morgongudstjenesta blir etterfølgt direkte av musáf — ei kort tilleggsgudstjeneste for visse helge- og merkedagar. Morgongudstjenesta på sjabbát er, i hop med kveldsgudstjenesta på fredagskvelden, av dei gudstjenestone som blir haldne mest i hevd blant jødar av alle vanlege retningar.

Utgangen av sjabbát

Tidspunkt

Det finst fleire olike syn på kva tid sjabbát er over på laurdagskvelden. Tre hovudsyn er:

  1. Når det er mørkt nok til ein kan sjå tre olike stjernor på himmelen.
  2. Så lenge etter solnedgang som ein tjuefjerdedel av tida sola var oppe den dagen.
  3. 25 timar etter at sjabbáten begynte.
Habdalá. (Sefardisk illustrasjon frå Spania1300-talet)

Habdalá

Hovudartikkel: habdalá.

Utgangen av sjabbát blir tradisjonelt markert ved habdalá-ritualet: Ein tenner eit lys — gjerne eit fletta eller tvinna lys med fleire veikar —, fyller eit glass kasjér vin eller druejus, tek fram krydder/urtor og les så signingar over vinen, krydderet og det levande lyset. Ein avsluttar så med ei signing av forskjellen mellom helg og kvardag og drikk opp vinen.

Sabbatsfeiring i Norge

I fleire diplom frå Den katolske kirkja i Norge vart det åtvara mot praksisen ein del vestlendingar hadde med å markere sabbaten på laurdagar ved å nekte å utføre arbeid.

Sjå òg