Sionisme

Frå Esnoga.no
Dei tolv stammane i Ereṣ Yisraél etter skildringa i séfer Yehosjúaʕ

Sionisme er idéen om at det jødiske folket har ei spesiell tilhørigheit til Jerusalem og til heile eller deler av området mellom Sinaihalvøya, grensa mot Libanon/Syria og området kring Jordanelva. Sionismen kan delast inn i religiøs sionisme og politisk sionisme. Religiøs sionisme er eit hovudfundament for tradisjonell jødedom, og både religiøs og politisk sionisme skil seg i liten grad frå andre folks geografiske, kulturelle og/eller religiøse identitet.

Religiøs sionisme

Praktisk/politisk sionisme

Kart over Det osmanske riket i 1828. På dette tidspunktet hadde Hellas vorte uavhengig. Dei ulike frigjeringsrørslene innanfor Det osmanske riket kan med rette kallast antiimperialisme.

Gracia Mendes ...

Ḥakhám Yehudá Aryè León Bibas vart fødd kring 1789 i Gibraltar. Han studerte der og etterkvart i Livorno i Italia — både jødedom og medisin. Etter dette vart han rosj yesjibá på Gibraltar. I 1810 reiste han til London der han møtte filantropisten og aktivisten Sir Moses Montefiore, som han seinare samarbeidde mykje med. I 1831 vart han overrabbinar for Korfu, da i Det osmanske riket. I 18391840 reiste han kring i Europa og appellerte til jødar at dei burde reise til Ereṣ Yisraél og etablere seg i det jødiske samfunnet der og lausrive området frå det osmanske imperiet. I denne tida møtte han òg Yehudá Alkala'í — sjå nedanfor. Etter at kona døydde, flytta han til Ereṣ Yisraél, der han vann å etablere ein yesjibá og eit bibliotek føre han døydde nokre månader seinare — i april 1852.

Sir Moses Montefiore ...

Ḥakhám Yehudá Alkala'í vart fødd i 1798 i Sarajevo i Bosnia, som da låg under Det osmanske riket, og studerte i Jerusalem, som òg låg under Det osmanske riket på den tida. I 1825 begynte han som lærar, og etter nokre år ḥakhám, i Semlin i vår tids Beograd i Serbia. Inspirert av den serbiske frigjeringskampen (18041833) oppstod det ei frigjeringsrørsle blant osmanske sefardím der Yehudá Alkala'í vart ein naturleg leiar. Andre parallelle rørsler i området kring denne tida inkluderte den bulgarske nasjonalvekkinga (1762–1908), den greske uavhengigheitskrigen (18211832), den albanske nasjonalvekkinga (18301912) og den bosniske oppstanden (18311832). I 1852 etablerte Alkala'í the Society of the Settlement of Eretz Yisrael i London.