Semikhá

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 26. april 2021 kl. 01:02 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (21 versjonar)

Semikhá (hebr. סְמִיכָה [səmī'xā]) betyder ordrett ‘handspålegging’ og blir vanlegvis bruka i samband med enten ofring eller ordinasjon.

Semikhá ved dyreoffer

I Tempelet la dei som ville ofre eit dyr handa på det føre det vart ofra. Den handspålegginga var eit tekn på at ofringa vart gjort i deras namn.

Semikhá ved ordinasjon

I samband med ordinasjon av rabbinarar er det vanleg i våre dagar at ordineringa skjer ved semikhá (handspålegging). Rabbinarane som utfører ordineringa legg da handa på rabbinarkandidaten for å markere at dei går gode for dén kandidaten og vidarefører sin tradisjon gjenom honom eller henne. (I ortodoks jødedom blir normalt berre mannlege kandidatar vurdert for semikhá.) Tradisjonslinja for ordinasjon ved semikhá vart broten etter at Tempelet fall, men vart attoppliva av asjkenaziske rabbinarar kring 1500-talet. Sefardiske ordinasjonar har heilt opp til våre dagar tradisjonelt skjedd ved bēt dín, men i vår tid har semikhá vorte vanlegare i sefardisk tradisjon òg.