Seder Zeraʕím
Seder Zeraʕím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.
Massekhtót
- Massékhet Berakhót – ‘signingar’
- Massékhet Peá – ‘åkerreina’, om å late kantane stå for dei fattige
- Massékhet Demái – ‘tvilsfall’, om avling ein ikkje veit om ein har betalt tiend av
- Massékhet Kiláyim – ‘ulike slag’, forbodne kombinasjonar av planter, dyr og klede
- Massékhet Sjebiʕít – ‘det sjuande’, om sabbatsåret kvart sjuande år
- Massékhet Terumót – ‘grødeoffer’, til kohaním
- Massékhet Maʕasrót – ‘tiende’, til leviím
- Massékhet Maʕasér sjení – ‘andre tiendet’, for bruk i Yerusjaláim
- Massékhet Ḥallá – ‘deigoffer’
- Massékhet ʕOrlá – ‘forskinn’, om «uomskorne» frukter og tre
- Massékhet Bikkurím – ‘første frukter’, skal bringast til Tempelet
Talmúd · תַּלְמוּד (Misjná · Yerusjalmí · Bablí · Toseftá) | ||||||||||||||
|