Sally Henriques

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 4. august 2022 kl. 18:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gruppeportrett av Sally Henriques med kona Rose og dottera Jorikka
Foto:Julius Jacobsen

Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques.

Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. I 184041 og 184345 stilte han ut på Charlottenborg Forårsudstilling — mest arkitekturbilde, men figurbilde og portrett òg. Det sist utstilte arbeidet hans, «Parti af Højbro Plads» vart innkjøpt til Den Kongelige Malerisamling. I 1842 var Henriques medstiftar i 1842 av Kunstnerforeningen af 18. November.

Seinare tok han borgarskap som målarmeister og arbeidde med dekorasjonsmåleri i Liepmann Fraenckels tapetfabrikk, inntil han tok over ein antikvitets­handel etter broren Samuel i 1849. Snart etter gifta han seg med Rose Jacobsen (1830–1891), dotter av glashandlar Marcus Juda Jacobsen (1788–1864) og Hanne f. Goldschmidt (1790–1871). Sally Henriques døydde den 29. april 1886. Han er gravlagt på Mosaisk Nordre Begravelsesplads.

Verka til Henriques har seinare vorte utstilt på Raadhusudstillingen i København 1901; Danske jødiske Kunstnere, København 1908; Kunstnerforeningen af 18. November si utstilling 1942, Thorvaldsens Museum 199293; De ukendte guldaldermalere, Kunstforeningen, København 1982; C.W. Eckersberg og hans elever, Statens Museum for Kunst, 1983 og Indenfor murene, Kunstforeningen, København 1984-85.

Verk

Galleri

Kjelder

Mal:Commonscat Mal:Den danske guldalder Mal:FD Mal:Autoritetsdata


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon