Rosj hasjaná

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 2. februar 2022 kl. 02:00 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (→‎Andre former av namnet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Bernard Picart: Blåsing i sjofár på rosj hasjaná i Esnogaen i Amsterdam.

Rosj hasjaná er jødisk nyår etter den sivile rabbinske kalenderen og blir feira på første og andre dagen av månaden tisjré — ved nymåne i september eller først i oktober.

Andre former av namnet

Rosh hashana, ros asaná (sp.-p. sefardisk), rosaná (sp.-p. sefardisk), roche hachana (fransk)

Feiring heime

Mat

Mange et rimmoním (granateple) på andre kvelden av rosj hasjaná. (Foto: Olve Utne)

Ein vanleg skikk er at ein et søt mat på rosj hasjaná — dette symboliserer eit ønske om eit godt og søtt år.

Eple med honning: Dei fleste sefardím og alle asjkenazím et eple med honing (Syria: sukker) på rosj hasjaná. Til dette er det vanleg å seie «Jehí raṣón ...» i mange tradisjonar.

Dei fleste sefardím (men ikkje portugisarjødar) seier òg Jehí raṣón over dadlar, rimmoním (granateple), graskar, purre, raudbeter og fiskehovud/smalahovud.

Brød: Mange grupper bruker runde brød (gjerne spiralforma) for rosj hasjaná. Brøda er òg gjerne søte, f.eks. med rosiner og/eller honning. Hammoṣí: Portugisarjødar har salt på brødet etter hammoṣí (velsigninga av brødet først i måltidet) på rosasaná på same vis som elles i året. Marokkanske sefardím brukar sukker i staden for salt på rosj hasjaná. Osmanske sefardím (Hellas, Tyrkia, Syria (delvis) og Iraq) brukar både sukker og salt. Enkelte sefardím dyppar brødet i honning (evt. både sukker og honning).

Hovudrett: Sefardím frå Marokko: Søt couscous, lam med svisker og løk. Sefardím frå Hellas: Ofte moussaka på første dag av rosj hasjaná. Sefardím frå Rhodos: «Black Eye»-bøner (rubiya el. fijones). Sefardím frå Iraq: sursøt lammegryte med tomat og raudbeter.